7919_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/lsi/kvartal
7919
Små lagerendringar i industrien
statistikk
2009-02-20T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
lsi, Lagerindeks for industri (opphørt), lagerbeholdning, ferdigvarer, varer i arbeid, verdi, volumIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Lagerindeks for industri (opphørt)4. kvartal 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Små lagerendringar i industrien

Samla lagerbehaldning i industrien var om lag uendra frå 4. kvartal 2007 til 4. kvartal 2008. Høge tal for lager av varer i arbeid kjem av stor aktivitet i verftsindustrien.

Målt i faste prisar gjekk lagerbehaldninga ned med 2,1 prosent frå 4. kvartal i 2007 til 4. kvartal 2008. Lågare tal for lager av varer i arbeid var årsaka til dette. Verditala syner ein auke på 3,5 prosent i same periode. Behaldninga av varer i arbeid var framleis svært høg i 4. kvartal 2008.

Lager. Volumindeksar. 2005=100

Om lag uendra lagerbehaldning

Transportmiddelindustrien melder berre om små endringar i lagerbehaldninga. Målt i faste prisar auka denne med 1,1 prosent frå 4. kvartal i 2007 til 4. kvartal 2008. Verditala syner ein auke på 5,3 prosent i same periode.

Produsentar av kjemikaliar og kjemiske råvarer melder også om små endringar i lagerbehaldninga. Målt i faste prisar gjekk denne opp med 3 prosent frå 4. kvartal i 2007 til 4. kvartal 2008. Verditala syner ein auke på 20,5 prosent i same periode. Valutaeffektar medverka sterkt til oppgangen. For kjemiske råvarer var veksten i same tidsrom på høvesvis 4,8 og 33,3 prosent i faste og løpande prisar.

Lageroppbygging

Lågare etterspurnad fører til lageroppbygging i metallindustrien. Målt i faste prisar var auken på 15 prosent. For ikkje-jernhaldige metall var veksten i faste prisar på 27,4 prosent.

Maskinindustrien rapporterer også om rekordhøg lagerbehaldning og vekst i lagra for 4. kvartal 2008. Målt i faste og løpande prisar var veksten på 29,7 og 40,4 prosent frå 4. kvartal 2007 til 4. kvartal 2008.

I elektroteknisk og optisk industri har det vore ei jamn lageroppbygging sidan slutten av 2005. Auken i 4. kvartal 2008, målt i faste prisar, var på 6,9 prosent sett i forhold til 4. kvartal i 2007. I løpande prisar var det ein vekst på 7,9 prosent.

Lagerbeholdning1
Næring Endring i lagerverdi
3. kvartal 2007-
3. kvartal 2008
4. kvartal 2007-
4. kvartal 2008
Total 8,6 3,5
Kjemiske råvarer 81,5 33,3
Metallindustri 21,2 13,3
Maskinindustri 54,1 40,4
Oljeplattformer -24,1 -19,8
1  Ujusterte verdiserier.

Viktig melding: Snart ny næringsklassifisering

Frå 1. kvartal 2009 vil det bli brukt ein ny versjon av Eurostats næringsklassifisering NACE - ein nomenklatur for klassifisering av bedrifter og føretak i ulike næringar. Lagerstatistikken vil bli påverka av endringane i nomenklaturen frå og med publisering av indeksar for 1. kvartal 2009. Klikk her for å lese meir om kva dette vil tyde for brukarar, berekningar og publiseringar.