7983_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/lsi/kvartal
7983
Nedgang for lager av varer i arbeid
statistikk
2001-02-23T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
lsi, Lagerindeks for industri (opphørt), lagerbeholdning, ferdigvarer, varer i arbeid, verdi, volumIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Lagerindeks for industri (opphørt)4. kvartal 2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgang for lager av varer i arbeid

Dei samla lagra i industrien synte ein sterk nedgang frå 3. til 4. kvartal 2000, og det er endringar i lager av varer i arbeid som pregar utviklinga. Desse lagra er markert lågare enn på same tidspunkt året før.

Lagra i industrien var i 4 kvartal 2000 om lag 16 prosent lågare - målt i løpande prisar - enn på tilsvarande tidspunkt året før. I faste prisar utgjer dette ein reduksjon på 21 prosent. Lager av varer i arbeid viser ein markant nedgang frå 3. til 4. kvartal 2000 - målt både i løpande og faste prisar - sterkt påverka av utviklinga innafor næringa oljeplattformer og modular. Held vi denne næringa utafor utrekningane, får vi ein oppgang på om lag 1 prosent - målt i løpande prisar - i dei samla lagra til industrien.

Ei jamn stigning i lagerverdiar og -volum for dei 3 første kvartala av fjoråret vart avløyst av eit markant fall for 4. kvartal 2000. Både verdital og volumtal er nå på et merkbart lågare nivå enn på same tidspunkt året før. Dette må ein hovudsakleg sjå i samanheng med at mykje er gjort ferdig innafor næringa oljeplattformer og modular, som viser ein nedgang i verdiindeksen på heile 58 prosent frå 3. til 4. kvartal 2000. Næringane maskinindustri og treforedling er inne i ein fallande trend, mens lagra for transportmiddelindustrien har halde seg på eit stabilt nivå i dei tre siste kvartala av 2000.

Lagerbeholdning1
  Endring i lagerverdi
Næring 3. kv. 99-3. kv. 00 4. kv. 99-4. kv. 00
Total 31,3 -15,5
Kjemiske råvarer -10,1 2,9
Metallindustri 9,8 3,8
Maskinindustri -17,1 -16,8
Oljeplattformer 107,0 -41,4
1  Ujusterte verdiserier.