8509_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitetaar/aar
8509
Rekordhøgt driftsresultat for kraftselskapa
statistikk
2010-05-26T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitetaar, Elektrisitet, årstal, elektrisitetsproduksjon, straumforbruk, vasskraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, straumprisar, kraftselskap, kraftstasjonar, e-verk, resultatrekneskap, driftsrekneskap, sysselsette, ledningsnett, transformatorar, import, eksportEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitet, årstal2008

Statistikken publiseres fra desember 2015 sammen med Elektrisitet.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordhøgt driftsresultat for kraftselskapa

Driftsresultatet for kraftselskapa blei 35,1 milliardar i 2008. Dette er ein auke på 39 prosent frå 2007 og det høgaste nivået som er registrert i nominelle kroner i den årlege elektrisitetsstatistikken.

Resultatrekneskap for føretak i kraftsektoren, 1998 kroner

Det rekordhøge driftsresultatet må ein sjå i samanheng med svært høg produksjon av elektrisk kraft og høge straumprisar. I likskap med tidlegare år hadde produksjonsverka det høgaste driftsresultatet. Driftsresultatet for produksjonsverka var 26,9 milliardar. Engrosverka oppnådde eit driftsresultat på 1,1 milliardar, medan driftsresultatet for nettselskapa og resterande verk var høvesvis 3,2 og 3,9 milliardar.

Stor oppgang i tilverkingsverdien

Produksjonsverdien og tilverkingsverdien i kraftsektoren blei høvesvis 64,2 og 49,5 milliardar i 2008, ein auke frå 2007 på 23 og 25 prosent. Oppgangen må ein sjå i samanheng med høg produksjon og høge prisar.

Rekordhøge bruttoinvesteringar

Bruttoinvesteringane i kraftsektoren blei 12,9 milliardar kroner i 2008. Dette er ein oppgang på 16 prosent frå 2007 og det høgaste nivået som er registrert i nominelle kroner i statistikken. Bruttoinvesteringar i vasskraftanlegg, vasskraftstasjonar, varmekraftanlegg og vindkraftverk var høvesvis 0,4, 3,3, 1,9 og 0,6 milliardar kroner.

Nøkkeltal for kraftsektoren, etter type verk. 2008. Prosent

Auke i forbruket

Frå 2007 til 2008 var det ein auke i straumforbruket på 1,4 prosent og totalt nettoforbruk blei 116,6 TWh. Medan forbruket i hushald samt byggje- og anleggsverksemd og tenesteyting blei redusert med høvesvis 0,2 og 0,4 TWh, var det ein oppgang i forbruket i kraftintensiv industri på 1,3 TWh. Straumforbruket i hytter og fritidshus var 1,5 TWh i 2008, ein auke på 8,2 prosent frå året før. Sjølv om forbruket i hytter og fritidshus har auka med om lag 6-8 prosent i kvart år sia 2004, utgjorde det berre 1,3 prosent av det totale nettoforbruket i 2008. I 2000 var straumforbruket i hytter og fritidshus om lag 1 TWh.

Straumproduksjon på rekordnivå

Produksjonen av elektrisk kraft var 142,1 TWh i 2008, ein auke på 3,6 prosent frå 2007 og berre 0,7 TWh lågare enn rekorden frå 2000. Den høge produksjonen må ein sjå i lys av store tilsig og magasinfylling over medianverdien fram til september. Høge elektrisitetsprisar har òg verka inn. Noreg eksporterte 17,3 TWh i 2008, medan vi importerte 3,4 TWh. Dette gav ein netto eksport på 13,9 TWh, det nest høgaste nivået på 2000-tallet.

Elektrisitetsprisar

Den totale straumrekninga for hushald er sett saman av kraftpris, nettleige og offentlege avgifter . Den totale prisen eit hushald måtte betale for kraft, nettleige og elavgift gjekk opp frå 63,2 øre/kWh i 2007 til 74,9 øre/kWh i 2008, eksklusive meirverdiavgift. Kraftprisen, nettleige og elavgift til hushald var høvesvis 39,9, 24,8 og 10,2 øre/kWh i 2008.

Innkjøp av varige driftsmiddel. 1998-kroner

Omgrep

Bruttoinvesteringar: innkjøp minus sal

Offentlege avgifter: elavgift og meirverdiavgift

Viktig melding:

I elektrisitetsstatistikken for 2008 blir straumforbruket fordelt på sluttbrukargrupper baserte på ny Standard for næringsgruppering (SN2007) - ein nomenklatur for klassifisering av bedrifter og føretak i ulike næringar. Talet på sluttbrukargrupper er auka frå 27 til 36 grupper i statistikken for 2008, med fleire grupper for straumforbruket i tenesteytande næringar. Endringa gir nokre problem for samanlikning med tidlegare årgangar.

Tabeller: