8491_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitetaar/aar
8491
Høgt årsoverskot i kraftsektoren
statistikk
2007-05-24T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitetaar, Elektrisitet, årstal, elektrisitetsproduksjon, straumforbruk, vasskraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, straumprisar, kraftselskap, kraftstasjonar, e-verk, resultatrekneskap, driftsrekneskap, sysselsette, ledningsnett, transformatorar, import, eksportEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitet, årstal2005

Statistikken publiseres fra desember 2015 sammen med Elektrisitet.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høgt årsoverskot i kraftsektoren

Årsoverskotet i kraftsektoren i 2005 blei 13,3 milliardar, noko som er ein auke på heile 18,3 prosent i høve til 2004. Total- og eigenkapitalrentabiliten var høvesvis 9,8 prosent og 10,9 prosent, ei betring på 2,3 og 3,3 prosentpoeng frå 2004.

Resultatrekneskap for føretak i kraftsektoren. 1998-kroner

Nøkkeltal for kraftsektoren, etter type verk. 2005. Prosent

Driftsmarginen viser forholdet mellom driftsresultat og driftsinntekt. Driftsmarginen steig med 2,0 prosentpoeng frå 2004 til 2005 og var 19,4 prosent for kraftsektoren totalt. Driftsresultatet blei 24,9 milliardar kroner, ein oppgang frå 2004 på heile 24,0 prosent. I likskap med tidlegare år hadde produksjonsverka det høgaste driftsresultatet. Driftsresultatet for produksjonsverka var 15,5 milliardar, medan driftsmarginen var 55,0 prosent. Engrosverka oppnådde eit driftsresultat på 3,0 milliardar, noko som gav ein driftsmargin på 18,4 prosent. Dette er ein auke frå 2004 på 3,0 prosentpoeng.

Bruttoinvesteringane i kraftsektoren totalt gjekk opp med heile 31,4 prosent frå 2004 og utgjorde 7,5 milliardar kroner i 2005. Investeringar i vasskraftanlegg, vasskraftstasjonar og vindkraftverk var høvesvis 802, 2 374 og 636 millionar, medan dei var 150, 1 074 og 540 millionar i 2004.

Innkjøp av varige driftsmiddel, 1998-kroner

Nyttbar, utbygd og varig verna vassdrag. 1928-2006. GWh

Høg produksjon av straum

Den fastlandsbaserte produksjonen av elektrisk kraft i 2005 var på heile 137,8 TWh, ein auke på 24,7 prosent i høve til 2004. I perioden 1989-2004 har Noreg berre hatt større straumproduksjon i 2000. Den høge produksjonen må sjåast i samanheng med store nedbørsmengder og høge tilsig til norske vatnmagasin. Medan Noreg var nettoimportør av straum i 2003 og 2004, eksporterte vi netto 12,0 TWh i 2005.

Høgare forbruk

Frå 2004 til 2005 var det ein auke i forbruket på 2,0 prosent, og totalt nettoforbruk blei 111,8 TWh. Oppgangen kan sjåast i samanheng med høg økonomisk vekst i 2005, sidan økt produksjon av varer og tenester aukar behovet for energi. Hushalda sin forbruk i 2005 var 32,8 TWh, som er 4,9 prosent meir enn i 2004. Forbruket i kraftintensiv industri steig med 0,4 TWh frå 2004, og blei 35,5 TWh.

Lågare straumpris for hushalda

Den totale straumrekninga for hushald er sett saman av kraftpris, nettleige og offentlege avgifter (elavgift og meirverdiavgift). Den totale prisen eit hushald måtte betale for kraft, nettleige og elavgift, gjekk ned frå 63,2 øre/kWh i 2004 til 61,6 øre/kWh i 2005 eksklusive meirverdiavgift. Medan kraftprisen til hushald var 27,7 øre/kWh i 2004, var gjennomsnittleg pris 27,2 øre/kWh i 2005. Nettleiga gjekk ned frå 26,2 øre/kWh til 25,2 øre/kWh i 2005.

Tabeller: