8503_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitetaar/aar
8503
Låge investeringar i kraftbransjen
statistikk
2002-12-04T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitetaar, Elektrisitet, årstal, elektrisitetsproduksjon, straumforbruk, vasskraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, straumprisar, kraftselskap, kraftstasjonar, e-verk, resultatrekneskap, driftsrekneskap, sysselsette, ledningsnett, transformatorar, import, eksportEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitet, årstal2000

Statistikken publiseres fra desember 2015 sammen med Elektrisitet.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Låge investeringar i kraftbransjen

Bruttoinvesteringane i kraftbransjen var i 2000 på 3,9 milliardar kroner. Det er ein nedgang på 18,7 prosent i høve til 1999. Dette kjem blant anna av utsetjing og kansellering av planlagde overføringskablar til utlandet. I eit meir historisk perspektiv er dette eit lågt nivå.

Det vart investert for 834 millionar kroner i produksjonsanlegg i 2000. Det er 37,9 prosent lågare enn i 1999. Førebelse tal og overslag for 2001 og 2002 viser ei justering oppover. Ser ein i eit lenger tidsperspektiv er investeringane historisk låge.

Innkjøp av varige driftsmidlar. 1973-2000. Millionar 1998-kroner

I tida etter dereguleringa av kraftmarknaden i 1991 har investeringar av ny produksjonskapasitet vore lågare enn veksten i forbruket. Det som kjenneteikna tida før reguleringa, var ein utbyggingsstrategi for å sikre regional sjølvforsyning av kraft. Dette førte til overinvesteringar nasjonalt og overskot av kraft, og samkøyringsgevinsten vart ikkje utnytta. Potensialet for konkurranse og nasjonal koordinering i produksjonsdelen av marknaden er god, og prisane som vert danna i denne liberaliserte marknaden vil i prinsippet tvinge fram effektivisering og samfunnsøkonomisk optimal investering av ny kapasitet. Når det no er låg vekst i utbygginga av produksjonskapasiteten kjem det blant anna av at kraftprisane i gjennomsnitt er for låge til at det er lønsamt å byggje ny kapasitet.

Mykje tyder på at tilveksten til norsk kraftproduksjon i hovudsak vil kome frå andre kjelder enn vasskraft i tida framover, sjølv om det ligg eit vesentleg potensial i å fornye og ruste opp dei eksisterande kraftverka. Med dagens teknologi er det totale vasskraftpotensialet om lag 187 TWh/år. Av dette er 118,2 TWh utbygd, medan 36,5 TWh er verna. Resten på om lag 24 TWh er fordelt på ulike undergrupper, blant anna som potensial som kan utnyttast ved hjelp av opprusting og små utvidingar.

Nyttbar, utbygd og varig verna vassdrag. 1928-2000. GWh

Vasskrafta står for 99,6 prosent av den totale kraftproduksjonen. Det finst andre utvegar for kraftproduksjon som varmekraft, vindkraft og gasskraft. Førebels er kostnadene for utbygging av desse høgare enn den potensielle inntekta.

Investeringar i sentralnettet gjekk ned med 60 prosent i høve til 1999, medan regional- og distribusjonsnettet auka med 7,5 prosent. Sidan produksjonskapasiteten er lågare enn forbruket, er Noreg avhengig av handel med utlandet. Fleire planlagde kablar mellom Noreg og England, Nederland og Tyskland er utsette. I eit optimalt utbygd overføringsnett skal ikkje kapasitetsskrankar eliminerast fullt ut, men reduserast til eit nivå som speglar ei samfunnsøkonomisk avveging mellom kostnadene ved å byggje ut kapasitet, og det økonomiske effektivitetstapet ved ikkje å byggje ut.

Rekordproduksjon

Det vart produsert heile 142,3 TWh i den vassbaserte kraftproduksjonen i Noreg i 2000. Det er 16,2 prosent meir enn førre rekordproduksjon i 1995, og 20,6 prosent meir enn produksjonen i eit normalår. Dette er nær det maksimale av kva som er mogleg å produsere i norske kraftverk i eit år. Til samanlikning var produksjonen i tørråret 1996 i underkant av 105 TWh. Den høge produksjonen har samanheng med at tilsiget til det norske kraftproduksjonssystemet var nesten 25 prosent meir enn normalt. Produksjonen frå varmekraft var 450 GWh, og vindkraft stod for 31 GWh. Den totale produksjonen var såleis 143 TWh. Kraftutvekslinga med utlandet gav ein nettoeksport på 19,2 TWh mot 1,9 TWh i 1999. Det er den høgaste nettoeksporten nokosinne.

Uendra forbruk

Nettoforbruket var 110,9 TWh i 2000. Det er ein auke på 0,4 prosent frå nettoforbruket i 1999 og 1998, som var på 110,5 TWh. Noreg er av dei landa som brukar mest elektrisitet per innbyggjar. Dette kjem blant anna av at vi har ein annan samansett bruk av straum, olje, gass og fjernvarme enn kva land vi samanliknar oss med har. Vi har også eit kaldt klima samanlikna med andre land. Den norske energibruken er noko i overkant av snittet i OECD-landa. Treforedling auka forbruket av elkraft med 15,2 prosent frå 1999. Dette kjem blant anna av dyr olje i 2000, og bransjen nytta difor meir elkraft i produksjonen. Hushald hadde ein nedgang i forbruket på 1,3 prosent i høve til i 1999, og enda på 36,7 TWh. Dette har blant anna samanheng med at 2000 var varmare enn normalt. Hushald stod for 30,3 prosent av det totale elforbruket. Forbruket i kraftintensiv industri gjekk opp med 0,7 prosent, og denne sektoren brukte totalt 33 TWh.

Nedgang i prisar

Kraftprisen i alt gjekk ned med 12,5 prosent til 13,3 øre/kWh. Nettleiga i alt var uendra og kosta 16,6 øre/kWh. Med elavgift vart den totale prisen 34,4 øre/kWh. Det er ned 6,3 prosent i høve til 1999 då prisen var 36,7 øre/kWh. Forbrukaravgifta gjekk frå 5,94 øre/kWh i 1999 til 8,56 øre/kWh i 2000. Den totale straumrekninga for hushald er sett saman av kraftpris, nettleige og offentlege avgifter (elavgift og meirverdiavgift). Den totale prisen for hushald gjekk opp frå 40,5 øre/kWh i 1999 til 42,2 øre/kWh i 2000, eksklusive meirverdiavgift. Sjølve kraftprisen fall frå 15,2 til 14,3 øre/kWh, medan nettleiga steig frå 19,8 til 20 øre/kWh. Det er i hovudsak elavgifta som auka den totale straumrekninga for hushald.

Rekordresultat

Etter at driftsresultatet har vore stabilt dei siste åra fekk bransjen eit klart oppsving i 2000. Driftsresultatet på 11,6 milliardar er ein auke på 10,6 prosent frå 1999. Produksjonsverk og høgintegrerte verk hadde klar forbetring, medan engrosverk, distribusjonsverk og andre verk opplevde ein nedgang i driftsresultatet. Dette kan tyde på at produsentar av elkraft nytte godt av mykje nedbør. Driftsmarginen, som speglar høvet mellom driftsresultatet og driftsinntektene, gjekk opp 1 prosentpoeng til 17,7 prosent i 2000. Som i 1999 var det nettselskap og produksjonsverk som kunne vise til høgast driftsmargin med høvesvis 22,8 og 34,6 prosent. Til samanlikning var driftsmarginen for alle ikkje-finansielle aksjeselskap på 9,7 prosent i 2000. Årsoverskotet vart 6,7 milliardar kroner, 17,7 prosent høgare enn i 1999. Av dette vart 3,9 milliardar kroner sett av til utbytte.

Tabeller: