8505_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitetaar/aar
8505
Store kapitalverdiar i kraftbransjen
statistikk
2001-06-27T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitetaar, Elektrisitet, årstal, elektrisitetsproduksjon, straumforbruk, vasskraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, straumprisar, kraftselskap, kraftstasjonar, e-verk, resultatrekneskap, driftsrekneskap, sysselsette, ledningsnett, transformatorar, import, eksportEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitet, årstal1999

Statistikken publiseres fra desember 2015 sammen med Elektrisitet.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Store kapitalverdiar i kraftbransjen

Det er store kapitalverdiar i kraftbransjen. Anleggsmiddel, det vil seie kraftstasjonar, distribusjonsnett og andre driftsmiddel, står for 84 prosent av totalkapitalen i kraftbransjen. Til samanlikning stod anleggsmiddel for 48 prosent av totalkapitalen for alle aksjeselskapa i Noreg.

Bruttoinvesteringane var på 4 817 millionar kroner, som er ein auke på 3,8 prosent frå 1998. Det meste av investeringane har gått til opprustning og utviding av gamle kraftverk, samt betre utnytting av eksisterande kraftverk og nokre mindre kraftverk. Dei største vasskraftutbyggingane føregjekk i åra frå 1970 til 1985, og den installerte effekten auka i snitt med 4,1 prosent per år. På 1990-talet har tilveksten vore låg. Det vil bli bygd nye overføringsanlegg mot utlandet som sjøkablar til Tyskland og Nederland. Det norske overføringsanlegget er på 322 574 kilometer og rekker heile 8 gongar rundt ekvator.

Færre tilsette

Det har blitt færre tilsette i kraftbransjen dei seinare åra. I 1999 var det 16 209 tilsette, ein nedgang på 7,5 prosent frå 1998. Noko av denne nedgangen kjem av at personar i verksemder som kraftforsyninga framleis nyttar seg av, no er omgrupperte til andre næringar.

Eigarskapet i norsk energiforsyning er dominert av det offentlege. Det statleg eigde Statkraft hadde 29,6 prosent av produksjonen, medan kommunar og fylkeskommunar stod for 52,7. Dei resterande 17,7 prosentane var på private hender. I 1998 stod private kraftverk for 11,7 prosent av produksjonen og det statlege for 34,8 prosent. I dei tilfella der fleire av dei nemnde gruppene eig eit e-verk saman, vil e-verket tilfalle den gruppa som eig mest

Med energilova som trådde i kraft i 1991 har energiforsyninga gått frå å vere forvalting til næring, og eigarhøva i kraftselskapa har fått nytt innhald. Ein stor del av dei kommunale energiverka er gått over til å vere aksjeselskap. Dei siste åra har ein også sett mange konserndanningar. Områda produksjon, omsetnad og nett vert skilt ut i eigne dotterselskap under eit morselskap. Det har vore ei rekkje samanslåingar og oppkjøp for å møte utviklinga mot ein internasjonal kraftmarknad med hardare konkurranse og auka risiko. Det er grunn til å rekne med at vi vil sjå fleire oppkjøp og fusjonar i åra framover.

Auke i salsinntektene

Salsinntektene i kraftbransjen auka med 5 (tallet er rettet 17. januar 2002) prosent frå 1998 til 1999. Likevel hadde bransjen ein nedgang i driftsresultat på 2 prosent. I 1999 var driftsresultatet på 10,5 milliardar kroner. Kraftforsyninga stod for om lag 2,7 prosent av bruttonasjonalprodukt for fastlandsøkonomien.

 Bruttoproduksjon av elektrisk kraft, etter landsdel

 Import og eksport av elektrisk kraft, 1994-1999

Høgare kraftproduksjon

1999 var eit særleg nedbørsrikt år og kraftproduksjonen auka med 4,9 prosent frå 1998 til 122,5 TWh. Med normale nedbørsmengder er norsk kraftproduksjon i stand til å produsere om lag 118 TWh i året. Den installerte effekten på 27 470 MW og det forventa årlege tilsiget i eit år med normal nedbør dannar grunnlaget for å berekne midlare produksjonsevne. Produksjonen i 1999 var 3,8 prosent over dette. Medan det vart produsert 122,5 TWh i 1999, viser førebelse tal for 2000 at produksjonen har auka til 143 TWh og at dei store nedbørsmengdene har fortsett inn i det nye tusenåret. Høgast produksjon i 1999 var i Hordaland med over 16 TWh, fylgt av Sogn og Fjordane og Norland med om lag 14 TWh kvar. I Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag vart produksjonen redusert med høvesvis 18,2 og 18,8 prosent. Oslo og Akershus står for berre 1 prosent av bruttoproduksjonen i landet. For første gong sidan 1995 eksporterte vi meir enn vi importerte. Eksporten vart fordobla medan importen gjekk ned med 14,8 prosent.

 Nettoforbruk av elektrisk kraft, etter forbrukargruppe

Forbruket konstant

Til trass for billegare straum heldt forbruket seg konstant frå 1998 til 1999. I 1999 var nettoforbruket på 110,5 TWh, som er om lag det same som i 1998. Forbruket har jamvel auka jamt dei siste åra, og Noreg er av dei landa i verda som brukar mest elektrisitet per innbyggjar. Det er fleire årsaker til at forbruket av elektrisk kraft er høgt i Noreg. Andre land vi gjerne samanliknar oss med, har ein annan samansett bruk av straum, olje, gass og fjernvarme. Vi har også eit kaldt klima samanlikna med mange land. Den norske energibruken per innbyggjar ligg noko i overkant av snittet i OECD-landa.

Den største forbrukaren var hushald og jordbruk, som stod for 33 prosent av forbruket. Den rikelege tilgangen på relativt billeg vasskraft har ført til ein stor kraftintensiv industri som stod for 30 prosent av forbruket av elkraft.

Rogaland, Hordaland og Nordland er storbrukarar av straum, og stod for 32 prosent av det totale forbruket. Dette heng saman med stor kraftintensiv industri i desse områda. Oslo og Akershus stod for 13,8 prosent av forbruket, som i hovudsak går til hushald og tenesteytande næringar.

Reduserte kraftprisar, men høgare nettleige

Den totale straumrekninga til forbrukaren er sett saman av kraftpris, nettleige og offentlege avgifter (elavgift og meirverdiavgift). Nettleiga er betaling for transport av straum og fylgjer i store trekk frå Noregs vassdrag- og energidirektorat sin regulering av nettselskapa si inntekt. Kraftprisen er betaling for sjølve krafta eller kraftproduksjonen, og i denne delen av marknaden er det fri konkurranse. For ein gjennomsnittleg hushaldskunde kan ein grovt seie at straumpris, nettleige og offentlege avgifter utgjer ein tredjedel kvar av den totale rekninga.

 Nettleige etter fylke

 Kraftprisar til hushald, etter fylke

Prisen på kraft varierer mykje i løpet av eit år og frå år til år. For kraftprodusentane har tilsiget av vatn mykje å seia for kor mykje kraft dei kan tilby i marknaden. I 1999 var tilsiget høgare enn normalt, og kraftselskapa kunne tilby meir og billegare kraft i marknaden. Til trass for dette steig prisane for kraftintensiv industri og treforedling med høvesvis 4,7 og 5,3 prosent. Bruken av kontrakter med fast pris over lengre periodar kan vere årsaka til tregleik i pristilpassinga. Dei andre næringane og hushalda opplevde eit prisfall på 9,5 prosent. Som kraftkjøpar kan ein kjøpe straum kor som helst i landet utan noko tillegg i nettleige. Det er hushald i Nord-Trøndelag som har vore flinkast til å velje billeg kraftpris, og dei betalte i snitt 14,2 øre per kWh, som er 7 prosent under landsnittet.

I engrosmarknaden går handelen føre seg bilateralt mellom kraftprodusentar, nettselskap, større industri og andre store einingar, for det meste gjennom den nordiske kraftbørsen Nord Pool. Prisane fall med 7,7 prosent i denne marknaden til 13,2 øre per kWh for bilaterale kontrakter i alt.

Nettleiga steig i alt med 4,4 prosent. Eigarar av hytter og fritidshus er dei som må betale mest i nettleige med 40,6 øre per kWh. Nettleiga varierer over landsdelane, og dette har blant anna samanheng med kor mange som brukar nettet. Dyrast nettleige for hushald var det i Nord-Trøndelag med 25,8 øre per kWh. Det er 30,3 prosent over landsnittet, og 75,5 prosent meir enn det billegaste fylket som var Oslo. Totalprisen for elektrisk kraft og overføring vart redusert med 2,8 prosent.

Tabeller: