84805_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
84805
Store sertifikatlån gir høg gjeld
statistikk
2012-08-13T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false

Obligasjonar og sertifikat2. kvartal 2012

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Store sertifikatlån gir høg gjeld

2. kvartal 2012 vart prega av høg vekst i den innalandske obligasjons- og sertifikatgjelda samanlikna med 2. kvartal året før. Dette har særleg samanheng med mindre nedbetalingar enn emisjonar og at kommunar og offentleg kontrollerte føretak har tatt opp store sertifkatlån.

Utferdingar i pålydande verdi

Sektorfordeling av lånegjelda innalands

Det vart registrert 216 emisjonar av obligasjonar og 276 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 225 milliardar kroner i Noreg i 2. kvartal 2012. Lånevoluma var størst for sertifikat. Talet og beløpet på emisjonar i Noreg i alt vart endra med høvesvis 3 og -10 prosent frå 2. kvartal 2011 til 2. kvartal 2012. Om lag 97 prosent av lånevolumet i 2. kvartal i år, 218 milliardar kroner, vart tatt opp av innlendingar. I den same perioden vart det registrert 537 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte av innlendingar utafor Noreg. Den samla verdien på desse var 294,5 milliardar kroner. Talet på og beløpet for slike emisjonar gjekk ned med høvesvis 18 og 17 prosent frå 2. kvartal året før.

Offentleg forvaltning dominerer i Noreg - bankar låner mest utalands

Offentleg forvaltning sto for heile 64 prosent av emisjonsvolumet i Noreg i 2. kvartal 2012, noko som svarar til 143 milliardar kroner. Finansielle føretak sto for 22 prosent av volumet, eller 49,9 milliardar kroner, mens ikkje-finansielle føretak sto for 11 prosent, som svarar til 25,1 milliardar kroner.

Som tidlegare emitterte norske bankar den dominerande delen av obligasjonar og sertifikat i utlandet i 2. kvartal 2012. Heile 72 prosent, eller 213 milliardar kroner, av det samla lånebeløpet vart emittert av norske bankar. ”Andre finansielle føretak” emitterte det nest største beløpet på 59,3 milliardar kroner.

Vekst i obligasjons- og sertifikatgjeld tatt opp av norske einingar

Den samla pålydande verdien av gjelda som skriv seg frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i Noreg, var på 1 727,7 milliardar kroner ved utgangen av 2. kvartal 2012. Dette er ein auke på om lag 9 prosent samanlikna med utgangen av 2. kvartal 2011. Fordelinga av gjeld på grupper av låntakarar er om lag som i kvartalet før. ”Andre finansielle føretak” hadde mest gjeld, det vil seie 29 prosent i 2. kvartal 2012. Stats- og trygdeforvaltinga hadde den nest størst gjelda som utgjorde 27 prosent i årets 2. kvartal. Marknadsverdien på gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg, låg i snitt vel 1 prosent over pålydande verdi, mens marknadsverdien på gjelda for slike sertifikat var like under (0,4 prosent) den pålydande verdien.

Norske låntakarar sin verdipapirgjeld etter valuta

Heile 90 prosent av gjelda frå emisjonar og sertifikat som er emitterte i Noreg, 1 552,6 milliardar kroner, var registrert på norske låntakarar i 2. kvartal 2012. Norske låntakarar hadde i tillegg ei gjeld frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet på om lag 1 377 milliardar kronar. Dette er ein auke på heile 14 prosent frå 2. kvartal året før. Nesten alle lån i Noreg blir tatt opp i norske kroner, mens dei fleste lån i utlandet blir tatt opp i annan valuta. Dei fleste av låna utafor Noreg blir tatt opp i anten EUR, USD, GBP eller JPY. Om lag 40 prosent av gjelda innalands og utafor Noreg har ein attverande løpetid på to år eller mindre.

Tabeller: