54042_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnvar/aar
54042
Månadslønna opp 1 200 kroner
statistikk
2011-03-18T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnvar, Lønn for tilsette i vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemdLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønn for tilsette i vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd1. oktober 2010

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Månadslønna opp 1 200 kroner

Heiltidstilsette i verksemder knytte til vassforsyning, avlaup og renovasjon hadde ei gjennomsnittleg månadslønn, eksklusive overtidsgodtgjersle, på 34 300 kroner i oktober 2010. Dette var ein auke på 3,6 prosent, eller 1 200 kroner, frå same tidspunkt året før.

Tre av fire tilsette i næringa har utdanning på anten grunnskulenivå eller frå vidaregåande skule. Om vi ser på statistikken etter utdanningsnivå, var gjennomsnittleg lønnsauke 1 100 kroner per månad for tilsette med utdanning på grunnskulenivå i perioden og 1 700 kroner for tilsette med utdanning frå vidaregåande skule.

Operatørar, sjåførar og handverkarar

I næringa er det relativt mange tilsette i yrkesgruppa operatørar og sjåførar. Gruppa omfattar mellom anna driftsoperatørar, maskinførarar, prosessoperatørar og spesialarbeidarar. Denne gruppa hadde ei gjennomsnittleg månadslønn, eksklusive overtidsgodtgjersle, på 30 900 kroner, ein auke på 2,7 prosent, eller 800 kroner, frå oktober 2009 til oktober 2010. Til samanlikning hadde handverkarar ei gjennomsnittleg månadslønn på 31 500 kroner. Dette var 4,3 prosent, eller 1 300 kroner, meir enn på samt tid året før.

Ingeniørar og leiarar

Tilsette i yrker med høgskuleutdanning hadde ei gjennomsnittleg månadslønn, eksklusive overtidsgodtgjersle, på 37 300 kroner. Dette var i snitt 2 300 kroner meir enn i oktober 2009. Til samanlikning hadde leiarar ei gjennomsnittleg månadslønn på 51 600 kroner, eller i snitt 2 600 kroner meir enn året før.

Om statistikkgrunnlaget

Lønnsstatistikken har teljing 1. oktober kvart år uavhengig av tidspunkt for når resultat frå lønnsoppgjera gjeld. Dette kan virke inn på målte lønnsendringar i statistikken.

Statistikken byggjer på eit utval av verksemder i næringshovudområdet vatn , avlaup og renovasjon , med til saman 8 264 heiltidstilsette og 1 184 deltidstilsette. Næringshovudområdet inneheld både offentlege og private verksemder som driv med vassforsyning og renovasjon. Ifølgje Bedrifts- og foretaksregisteret hadde næringshovudområdet til saman 10 400 tilsette per oktober 2010.

Månadslønn er hovudomgrepet i lønnsstatistikken og omfattar avtalt lønn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjersle er ikkje medrekna i månadslønna.

Tabeller: