1766_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnvar/aar
1766
1 100 kroner meir i månaden
statistikk
2010-04-16T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnvar, Lønn for tilsette i vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemdLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønn for tilsette i vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd1. oktober 2009

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

1 100 kroner meir i månaden

Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette i verksemder innanfor vatn, avlaup og renovasjon utgjorde 33 100 kroner per 1. oktober 2009. Dette var ein auke på 1 100 kroner eller 3,4 prosent frå same tidspunkt året før.

Det er klårt fleire mannlege enn kvinnelege tilsette i næringa, og menn og kvinner utfører ulike oppgåver. Menn er tilsette som renovatørar, sjåførar og operatørar, mens kvinnene i større grad er tilsette i kontoryrke og yrke med krav til høgskoleutdanning. Dette kan forklare noko av lønnsskilnaden mellom kvinner og menn i næringa. Kvinnene har i gjennomsnitt 34 300 kroner i månaden medan menn hadde 32 900 kroner. Dette er ein lønnsauke på 3,5 prosent for menn og 3,6 prosent for kvinner samanlikna med oktober 2008.

Yrkesgrupper

Renovatørar og andre tilsette i yrke utan krav til utdanning hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 28 000 kroner. Dette var 400 kroner eller 1,4 prosent meir enn på same tidspunkt året før. Til samanlikning hadde operatørar og sjåførar 31 000 kroner i månaden som tilsvarar ein lønnsvekst på 1 500 kroner eller 5,1 prosent i same periode.

Tilsette i yrker med krav til høgskoleutdanning hadde ei månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 35 800 kroner. Dette var ein auke på om lag 700 kroner eller 2 prosent frå same tidspunkt året før. Leiarar hadde ein lønnsauke på 3,4 prosent i perioden, noko som gav ei månadslønn på 51 500 kroner per oktober 2009.

Årslønn

Gjennomsnittleg berekna årslønn for heiltidstilsette i vatn, avlaup og renovasjon utgjorde 393 700 kroner i 2009.

Om statistikkgrunnlaget

Lønnsstatistikken har teljing 1. oktober kvart år uavhengig av tidspunkt for når resultat frå lønnsoppgjera gjeld. Dette kan verke inn på lønnsendringane i lønnsstatistikken frå 1. oktober 2008 til 1. oktober 2009.

Statistikken byggjer på et utval av verksemder i både offentleg og privat sektor innanfor vatn, avlaup og renovasjon med til samen 7 614 heiltidtilsette og 935 deltidstilsette. Ifølgje Bedrifts- og føretaksregisteret hadde næringshovudområdet til saman 10 000 tilsette per oktober 2009.

Tabeller: