23428_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnltreg/aar
23428
24,6 milliardar meir i lønn og honorar
statistikk
2001-08-24T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnltreg, Lønnssummer fra Lønns- og trekkoppgaveregisteret, kontantlønn, naturalytelser, frynsegoder, firmabil, fri bil, fri telefon, utgiftsgodtgjørelser, bilgodtgjørelser, feriepengegrunnlag, dagpenger, grunnlag for arbeidsgiveravgiftLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønnssummer fra Lønns- og trekkoppgaveregisteret2000

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

24,6 milliardar meir i lønn og honorar

Samla utbetalt lønn, honorar med vidare var på 525,4 milliardar kroner i 2000. Dette var ein auke på 24,6 milliardar kroner eller 4,9 prosent samanlikna med 1999. Auken frå 1998 til 1999 var på 30,1 milliardar eller 6,4 prosent.

Til saman 2 603 400 personar tok imot lønn, honorar med vidare. I gjennomsnitt tok desse personane imot 201 800 kroner i lønn og honorar. Dette er i gjennomsnitt 4,1 prosent meir enn det dei 2 584 300 personane tok imot i lønn og honorar året før. Kvinnene tok i gjennomsnitt imot 160 700 kroner medan mennene i gjennomsnitt tok imot 239 500 kroner. Dette svarar til ein auke frå året før på 4,8 og 3,9 prosent. Nesten 14 000 fleire kvinner tok imot lønn og honorar i 2000 enn året før. Til samanlikning var det vel 5 000 fleire menn som tok imot lønn og honorar. I Oslo/Akershus-området var det heile 9 000 fleire personar som tok imot lønn, honorar med vidare i 2000 enn året før, medan det i Nord-Noreg knapt er nokon skilnad.

Svak nedgang i personar som tok imot dagpengar

182 600 personar tok imot dagpengar i 2000, mot 184 100 personar i 1999. I to regionar auka talet på personar som tok imot dagpengar: I Agder/Rogaland auka talet med vel 17 prosent medan det var 4 prosent fleire som tok imot dagpengar på Vestlandet. Austlandet utanom Oslo/Akershus hadde den største reduksjonen med knapt 7 prosent. Totale utbetalingar av dagpengar var på vel 6,1 milliardar kroner i 2000, noko som var ein auke på dryge 13 prosent frå 1999. Det var ein auke på i overkant av 14 prosent i gjennomsnittleg utbetaling per person blant dei som tok imot dagpengar.

Auke i utbetalingane av pensjonar og liknande

Det blei totalt utbetalt 140,6 milliardar kroner i pensjonar og liknande i 2000, ein auke på 6,7 prosent frå 1999. Beløpet omfattar utbetalingar frå folketrygda, som til dømes alders- og uførepensjon, og ulike utbetalingar av pensjonar utanom folketrygda. Totalt var det vel 1 417 798 som tok imot pensjonar og liknande, ein auke på 22 800 personar frå 1999.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på Skattedirektoratet sitt Lønns- og trekkoppgåveregister og omfattar til saman 3 211 542 personar. I denne utgåva av statistikken er det ikkje med tabellar som syner lønnssum etter institusjonell sektor og næringsområder.

Talet på personar med lønn, honorar med vidare og dagpengar. Samla beløp i millionar kroner. Prosentvis endring
  Talet på personar Sum beløp i millionar kroner Gjennomsnittleg beløp i kroner Gjennomsnittleg endring i prosent
  1999 2000 1999 2000 1999 2000 1999-2000
Lønn, honorar med vidare 2 584 258 2 603 408 500 796 525 363 193 787 201 798 4,1
Dagpengar 184 073 182 642 5 394 6 114 29 303 33 477 14,2

62 88 51 72

Tabeller: