23432_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnltreg/aar
23432
30 milliardar meir i lønn og honorar
statistikk
2000-08-25T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnltreg, Lønnssummer fra Lønns- og trekkoppgaveregisteret, kontantlønn, naturalytelser, frynsegoder, firmabil, fri bil, fri telefon, utgiftsgodtgjørelser, bilgodtgjørelser, feriepengegrunnlag, dagpenger, grunnlag for arbeidsgiveravgiftLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønnssummer fra Lønns- og trekkoppgaveregisteret1999

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

30 milliardar meir i lønn og honorar

Samla utbetalt lønn, honorar med vidare utgjorde 500,8 milliardar kroner i 1999. Dette var ein auke på 30,1 milliardar kroner eller 6,4 prosent frå 1998. Til samanlikning var auken på 43,2 milliardar eller 10,1 prosent frå 1997 til 1998.

Auken i privat eigde foretak var på 7,0 prosent medan auken i offentleg forvaltning var 6,5 prosent. Tilsvarande tal frå 1997 til 1998 var ein auke på 12,4 prosent i private foretak og 8,7 prosent i offentleg forvaltning.

Privat eigde foretak utbetalte 52,6 prosent av samla lønn, honorar med vidare, medan offentleg eigde foretak stod for 30,5 prosent av utbetalingane. Dei finansielle foretaka stod for 3,1 prosent av dei samla utbetalingane av lønn, honorar med vidare.

Høg vekst i tenesteyting

Det har vore ein sterk auke i samla utbetaling av lønn, honorar med vidare i forretningsmessig tenesteyting, der veksten frå 1998 var på 11,4 prosent. Industrien hadde til samanlikning ein vekst på 2,8 prosent medan varehandel hadde ein auke på 5,8 prosent. Industri og varehandel var dei to næringane med størst utbetaling av lønn, honorar med vidare, og utgjorde 16,0 prosent og 13,3 prosent av dei samla utbetalingane.

Fleire mottok lønn

I 1999 var det totalt 2 584 000 personer som tok imot lønn, honorar med vidare. Dette er ein auke på om lag 26 400 personer, eller 1,0 prosent frå 1998. Auken var mest markant for dei mellom 51 og 65 år, der auken var på 4,3 prosent frå året før. For personar mellom 20 og 30 år var det ein nedgang på 1,3 prosent. I Oslo/Akershus-området var det 1,3 prosent fleire som tok imot lønn, honorar med vidare i 1999 enn året før, medan det i Nord-Noreg var 0,2 prosent færre.

Færre tok imot dagpengar

184 100 personar tok imot dagpengar i 1999, ein nedgang på 10,0 prosent frå året før. Talet på personar som tok imot dagpengar blei redusert i alle regionane. Nedgangen var størst i Oslo/Akershus- området, der det var ein reduksjon på 14,3 prosent. Totale utbetalingar av dagpengar var på nær 5,4 milliardar i 1999, noko som var ein auke på 3,1 prosent frå 1998. Det var ein auke på 14,6 prosent i gjennomsnittleg utbetaling per person blant dei som tok imot dagpengar.

Auke i utbetalingane av pensjonar og liknande

Det blei totalt utbetalt 131,8 milliardar kroner i pensjonar og liknande i 1999, ein auke på 6,7 prosent frå 1998. Beløpet omfattar utbetalingar frå folketrygda, som til dømes alders- og uførepensjon, og ulike utbetalingar av pensjonar utanom folketrygda. Totalt var det vel 1 395 000 personer som tok imot pensjonar og liknande, ein auke på 18 700 personar frå 1998.

Talet på personar med lønn, honorar med vidare og dagpengar.
Samla beløp i millionar kroner. Prosentvis endring
  Talet på personar Samla beløp i millionar kroner Endring
  1998 1999 1998 1999 98-99
Lønn, honorar med vidare 2 557 857   2 584 258 470 727 500 796 6,4
Dagpengar 204 606 184 073 5 233 5 394 3,1

Tabeller: