23436_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnltreg/aar
23436
Meir lønn og honorar
statistikk
1999-08-27T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnltreg, Lønnssummer fra Lønns- og trekkoppgaveregisteret, kontantlønn, naturalytelser, frynsegoder, firmabil, fri bil, fri telefon, utgiftsgodtgjørelser, bilgodtgjørelser, feriepengegrunnlag, dagpenger, grunnlag for arbeidsgiveravgiftLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønnssummer fra Lønns- og trekkoppgaveregisteret1998

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Meir lønn og honorar

Samla utbetalingar av lønn og honorar med vidare utgjorde 470,7 milliardar kroner i 1998. Dette er ein auke på 43,2 milliardar kroner, eller 10,1 prosent samanlikna med 1997.

Auken var størst i privateigde føretak, med ein vekst på 12,4 prosent. Til samanlikning hadde verksemder i offentleg forvaltning ein vekst i slike utbetalingar på 8,7 prosent medan dei finansielle føretaka hadde ein auke på 6,2 prosent. Heile 52 prosent av samla utbetalingar av lønn og honorar med vidare vart utbetalt av privateigde føretak. Tilsvarande tal for verksemder i offentleg forvaltning var 31 prosent og for finansielle føretak 3 prosent.

Ei oversikt etter næring, syner sterkast auke i utbetalingar av lønn og honorar i eigedomsdrift, forretningsmessig tenesteyting og utleigeverksemd og byggje- og anleggsverksemd med 17,6 prosent og 13,9 prosent. Til samanlikning var auken i industrien 7,7 prosent, medan varehandel hadde ein auke på 10 prosent. Verksemdene i industri og varehandel har dei høgaste utbetalingane av lønn og honorar med respektive 79,7 og 63,5 milliardar kroner, eller 17 og 13,5 prosent av samla utbetalingar.

Talet på personar med lønn og honorar med vidare og dagpengar. Samla beløp i millionar kroner. Endring i prosent
  Talet på personar Samla beløp i
millionar kroner
Prosent
  1997 1998 1997 1998 1997-1998
Lønn, honorar med vidare 2 491 977 2 557 857 427 569 470 727 10,1
Dagpengar 260 890 204 606 7 274 5 233 -28,1

Fleire tek imot lønn

I 1998 tok heile 2 558 000 personar imot lønn og honorar i ei eller anna form. Dette er ein auke på om lag 66 000 personar, eller 2,6 prosent i høve til 1997. Det er ein auke i talet på personar som har teke imot slike utbetalingar i alle aldersgrupper. Mellom anna er det ein auke på vel 11 000 personar for dei under 20 år, noko som tilsvarar ein auke på 5,6 prosent i høve til 1997. Det er Oslo/Akershusområdet som opplever den største auken i talet på personar med utbetalingar av lønn og honorar, med 20 900 fleire personar i 1998 samanlikna med 1997. Nord-Noreg opplever minst auke med berre 2 000 fleire personar i same periode.

Færre tek imot dagpengar

204 600 personar tok imot dagpengar i 1998, noko som er 56 000 færre enn i 1997. Dette er ein nedgang på 21,6 prosent. Det vart færre mottakarar av dagpengar i alle aldersgrupper, men nedgangen er sterkast for dei mellom 20 og 30 år. For denne gruppa er det ein nedgang på 26,8 prosent frå året før. Samla utbetalingar av dagpengar var på 5,2 milliardar, eller ein reduksjon på 28,1 prosent frå 1997.

Auke i utbetalingane av pensjonar og liknande

Det blei totalt utbetalt 123,6 milliardar kroner i pensjonar og liknande i 1998. Dette svarar til ein auke på 8,9 prosent i høve til 1997. Beløpet omfattar utbetalingar frå folketrygden, som til dømes alders- og uførepensjon. Totalt var det vel 1 376 000 personar som tok imot utbetalingar i form av pensjonar og liknande i 1998. Dette utgjer ein auke på 18 100 personar i høve til 1997.

Frigitt 27. august 1999 (C) Statistisk sentralbyrå

Tabeller: