23426_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnltreg/aar-forelopige
23426
Løn og honorar auka med 5,7 prosent
statistikk
2002-03-14T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnltreg, Lønnssummer fra Lønns- og trekkoppgaveregisteret, kontantlønn, naturalytelser, frynsegoder, firmabil, fri bil, fri telefon, utgiftsgodtgjørelser, bilgodtgjørelser, feriepengegrunnlag, dagpenger, grunnlag for arbeidsgiveravgiftLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønnssummer fra Lønns- og trekkoppgaveregisteret2001, foreløpige tall

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Løn og honorar auka med 5,7 prosent

Samla utbetaling av løn og honorar i 2001 var på 555 milliardar kroner, syner førebelse tal. Dette var 30 milliardar kroner eller 5,7 prosent meir enn i 2000. Til samanlikning var auken i slike utbetalingar frå 1999 til 2000 på 24,6 milliardar kroner eller 4,9 prosent.

Det var i underkant av 2 607 800 personar som mottok løn og honorar i 2001, ein auke på 4 400 personar samanlikna med 2000.

Sjuke- og fødselspengar

Samla utbetaling av sjuke- og fødselspengar var på 12,4 milliardar kroner. Dette var om lag 749 millionar kroner eller 6,4 prosent meir enn i 2000. Til samanlikning var auken i slike utbetalingar frå 1999 til 2000 på 1,2 milliardar kroner eller 11,4 prosent.

 

Talet på personar med løn, honorar med vidare, dagpengar, sjuke- og
fødselspengar og pensjonar. Heile landet. 2000 og 2001
 
  Talet på personar Sum beløp i millionar kroner Endring i prosent
  2000          2001 2000 2001 2000-2001
 
Lønn, honorar med vidare 2 603 408 2 607 792 525 363 555 341 5,7
Dagpengar 182 642 181 895 6 114 6 581 7,6
Sjuke/fødselspengar 305 584 316 928 11 700 12 449 6,4
Pensjonar o.l. 1 417 798 1 433 416 140 618 149 967 6,6
 

 

Vel 316 900 personar mottok sjuke- eller fødselspengar, eller 11 300 fleire personar enn i 2000. Dette omfattar berre utbetalingar frå trygdeetaten og ikkje sjukepengar til tilsette i staten, sjukepengar dekte av arbeidsgjevar eller sjukepengar utbetalte til sjølvstendig næringsdrivande. Utbetaling av sjukepengar til tilsette i staten og sjukepengar dekte av arbeidsgjevar inngår i sum løn og honorar.

Dagpengar

Utbetaling av dagpengar auka frå 6,1 milliardar kroner i 2000 til 6,6 milliardar i 2001, eller med 7,6 prosent. Talet på personar som fekk utbetalt dagpengar, har gått ned frå 182 600 i 2000 til 181 900 i 2001. Gjennomsnittlege utbetalingar per mottakar har auka frå 33 500 kroner i 2000 til 36 200 kroner i 2001.

Pensjonar og liknande

Det blei totalt utbetalt 150 milliardar kroner i pensjonar og liknande i 2001, ein auke på 6,6 prosent frå 2000. Beløpet omfattar utbetalingar frå folketrygda, som til dømes alders- og uførepensjon, og ulike utbetalingar av pensjonar utanom folketrygda. Totalt var det vel 1 433 400 personar som mottok pensjonar og liknande, eller 15 600 fleire enn i 2000.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på førebelse tal frå Løns- og trekkoppgåveregisteret i Skattedirektoratet for inntektsåret 2001. Dette omfattar føretak som har plikt til å rapportera til registeret.