1348_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnfinans/aar
1348
Høge bonusar i finansnæringa
statistikk
2008-11-20T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnfinans, Lønn for tilsette i finanstenester, bank, forsikring, finansiell tenesteytingLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønn for tilsette i finanstenester1. september 2008

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høge bonusar i finansnæringa

Gjennomsnittleg månadslønn for heiltidstilsette i finanstenester utgjorde 48 800 kroner eksklusive overtidsgodtgjersle per september 2008, ein auke på om lag 4 800 kroner eller 10,8 prosent frå same tidspunkt i 2007. Mykje av veksten kjem av høge bonusar.

Ein stor del av auken i gjennomsnittleg månadslønn i finansnæringa kjem av høge bonusutbetalingar. I 2008 auka gjennomsnittlege bonusar med 2 000 kroner per månad og utgjorde 7 200 kroner.

I tillegg til bank- og forsikringsverksemd omfattar finansnæringa også verksemder som driv anna finansiell tenesteyting. Lønnsnivået er høgare i sistnemnde område, både når det gjeld avtalt månadslønn og gjennomsnittlege bonusutbetalingar.

Bank- og forsikringsverksemd

I bankar og forsikringsverksemder utgjer tilsette i høgskoleyrke som bank- og forsikringsfunksjonærar, kundebehandlarar og konsulentar ein hovuddel av dei tilsette. Gjennomsnittleg månadslønn for denne gruppa auka med om lag 8,3 prosent til 38 700 kroner. Avtalt månadslønn auka med 6,9 prosent til 34 600 kroner, medan gjennomsnittleg bonus per månad gjekk opp frå vel 3 000 til nær 3 800 kroner.

Til samanlikning var lønnsauken høgare blant leiarar, både med tanke på bonus og avtalt månadslønn. Administrerande direktørar i bank- og forsikringsverksemder hadde ein auke i månadslønna frå vel 98 400 kroner i 2007 til nær 124 900 kroner i 2008. Gjennomsnittlege bonusutbetalingar per månad medverka sterkt, ved å auke frå 10 600 kroner i 2007 til 28 300 kroner i 2008.

Årslønna auka med 9,5 prosent

Heiltidstilsette i finanstenestar har ei utrekna gjennomsnittleg årslønn for 2008 på 574 100 kroner. I bank og forsikring er årslønna 523 600 kroner, ein auke på 8,4 prosent. Tilsvarande årslønn for tilsette i anna finansiell tenesteyting utgjorde 760 600 kroner, ein auke på 12,3 prosent.

Deltidstilsette

For å kunne samanlikne lønn mellom heil- og deltidstilsette vert lønna til dei deltidstilsette rekna om til heiltidsekvivalentar, kva lønna ville vore om dei var tilsette på heiltid. Månadslønna til deltidstilsette i finanstenester var på 33 000 kroner per 1. september 2008, ein auke på 4,9 prosent.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit utval verksemder i finanstenester med til saman 39 463 heiltidstilsette og 4 758 deltidstilsette. Ifølgje førebelse tal frå nasjonalrekneskapen for 2. kvartal 2008, har finanstenester til saman 50 000 sysselsette lønnstakarar.

Månadslønn er hovudomgrepet i lønnsstatistikken, og omfattar avtalt månadslønn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjering er ikkje medrekna i månadslønna. Den avtalte månadslønna blir målt på tidspunktet 1. september, medan bonus, uregelmessige tillegg og overtid er målt som eit gjennomsnitt for heile året.

Årslønn blir rekna ut ved hjelp av informasjon frå to årgangar av lønnsstatistikken og informasjon frå lønnsforhandlingane. Overtidsgodtgjersle og ulike naturalytingar inngår ikkje i berekna årslønn. Tal for 2007 er endelege, medan tal for 2008 er førebels fram til lønnsstatistikken for 2009 blir frigjeve. Veksten i månadslønn avviker noko frå veksten i årslønn. Månadslønna vert samanliknapå et valt tidspunkt, 1. september kvart år, medan årslønna målar endring mellom kalenderår.

Tabeller: