1356_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnfinans/aar
1356
Månadslønna auka med 1 400 kroner
statistikk
2004-11-25T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnfinans, Lønn for tilsette i finanstenester, bank, forsikring, finansiell tenesteytingLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønn for tilsette i finanstenester1. september 2004

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Månadslønna auka med 1 400 kroner

Heiltidstilsette i finanstenester hadde ei gjennomsnittleg månadslønn på 35 700 kroner per 1. september 2004. Dette var ein auke på 1 400 kroner, eller 4,1 prosent samanlikna med same tidspunkt 2003. Auken i månadslønna frå 2002 til 2003 utgjorde til samanlikning 2,9 prosent.

I bank- og forsikringsverksemd utgjorde månadslønna 34 100 kroner, noko som tilsvarte ein auke på 1 600 kroner, eller 5 prosent frå 2003. Tilsvarande auka lønna i anna finansiell tenesteyting med 1 200 kroner frå 2003, eller med 3,0 prosent, slik at den utgjorde 41 700 kroner per 1. september 2004.

Heiltidstilsette i finanstenester1. Gjennomsnittleg månadsforteneste,
etter næring per 1. september. 2002-2004. Kroner og endring
i prosent
Næring Månadsforteneste i alt Endring i prosent
2002 2003 2004 2002-2003 2003-2004
  Kroner Prosent
Finanstenester i alt 33 300            34 300            35 700       2,9      4,1
Bank- og forsikringsverksemd 31 500 32 500 34 100 3,0 5,0
Anna finansiell tenesteyting 39 500 40 500 41 700 2,7 3,0
1  NOS Standard for næringsgruppering.

Bank og forsikringsverksemd

Heiltidstilsette i høgskuleyrke utgjer om lag to tredelar av alle heiltidstilsette i finanstenester. I bank- og forsikringsverksemd hadde denne gruppa ei månadslønn på 29 900 kroner, noko som var ein auke på om lag 1 500 kroner, eller 5,1 prosent frå året før. Bank- og forsikringsfunksjonærar samt kundebehandlarar utgjer storparten av denne gruppa. Til samanlikning hadde tilsette i leiaryrke ei månadslønn på 50 500 kroner, ein auke på 2 700 kroner eller 5,7 prosent.

Kjønn og aldersgrupper

Menn tener generelt meir enn kvinner i finanstenester, og har to og ein halv gong så mykje i bonusutbetalingar per månad som kvinner. Heiltidstilsette kvinner hadde ei månadslønn på 29 800 kroner, ein auke på 1 300 kroner, eller 4,6 prosent frå 2003 til 2004. Til samanlikning hadde menn ei månadslønn på 40 600 kroner, ein auke på 1 600 kroner eller 4 prosent i same periode.

Blant kvinner er det tilsette i alderen 40 til 44 år som tener mest, mens det blant menn er tilsette mellom 35 og 39 år som har høgast lønn. Kvinner under 40 år har i gjennomsnitt lågare lønnsauke frå 2003 til 2004 dess yngre dei er.

Utdanningsgrupper

Det er om lag like mange heiltidstilsette kvinner som menn i finanstenester. Halvparten av alle menn har høgare utdanning, medan berre ein tredel av kvinner har det. Per 1. september hadde menn med opp til 4 års høgskuleutdanning ei gjennomsnittslønn på 44 200 kroner, ein auke på vel 1 150 kroner frå 2003. Kvinner med same utdanningsnivå fekk i gjennomsnitt same kronepåslaget, til 33 400 kroner i månaden.

Årslønna auka med 3,2 prosent

Heiltidstilsette i finanstenester hadde ei utrekna gjennomsnittleg årslønn på 421 800 kroner i 2004. Dette var ein auke på 13 100 kroner, eller 3,2 prosent frå 2003.

I bank- og forsikringsverksemd var årslønna på 402 100 kroner, ein auke på 14 900 kroner eller 3,9 prosent frå 2003. Til samanlikning gjekk årslønna i anna finansiell tenesteyting opp med 2,9 prosent, frå 483 700 til 497 600 kroner.

Årslønna er estimert, og blir utrekna ved hjelp av informasjon frå minst to årgangar av lønnsstatistikken og opplysningar frå lønnsoppgjeret. Årslønna måler gjennomsnittleg nivå på lønn for eit heilt kalenderår. Overtidsgodtgjersle er ikkje rekna med i årslønna. Tala for årslønna for 2002 og 2003 er endelege, medan tala for 2004 er førebelse til lønnsstatistikken for 2005 vert frigjeven.

Heiltidstilsette i finanstenester1. Estimert årslønn, etter næring
per 1. september. 2002-2004. Kroner og endring i prosent
Næring Estimert årslønn Endring i prosent
2002 2003 20042 2002-2003 2003-2004
  Kroner Prosent
Finanstenester i alt  391 300      408 700      421 800 4,4 3,2
Bank- og forsikringsverksemd  369 800  387 200  402 100 4,6 3,9
Anna finansiell tenesteyting  466 900  483 700  497 600 3,7 2,9
1  NOS Standard for næringsgruppering.
2  Førebelse tal.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit utval verksemder i finanstenester med til saman 35 344 heiltidstilsette. Ifølgje førebelse tal frå nasjonalrekneskapen for 2. kvartal 2004, er finanstenester eit næringshovudområde med til saman 47 500 sysselsette lønnstakarar.

Gjennomsnittleg månadsforteneste, eller månadslønn, er hovudomgrepet i lønnsstatistikken. Månadsfortenesta omfattar utbetalt avtalt lønn, variable tillegg og bonusar, provisjon og liknande. Overtidsgodtgjersle er ikkje rekna med i månadsfortenesta. Månadsfortenesta blir samanlikna på eit valt tidspunkt kvart år, medan samanlikning av årslønn måler endringane mellom kalenderår. Auken i månadsfortenesta avviker derfor som regel noko frå auken i årslønna.

Tabeller: