1360_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnfinans/aar
1360
Årslønna auka med 6,1 prosent
statistikk
2002-12-20T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnfinans, Lønn for tilsette i finanstenester, bank, forsikring, finansiell tenesteytingLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønn for tilsette i finanstenester1. september 2002

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Årslønna auka med 6,1 prosent

Gjennomsnittleg årslønn for heiltidstilsette i finanstenester utgjorde 395 300 kroner, ein auke på 22 900 kroner, eller 6,1 prosent, frå 2001. Tilsette i bank- og forsikringsverksemd hadde 372 800 kroner i årslønn, medan tilsette i anna finansiell tenesteyting hadde 474 500 kroner.

Årslønna er estimert og blir rekna ut ved hjelp av informasjon frå minst to årgangar av lønnsstatistikken og bruk av kvartalsvise lønnsindeksar. Dei kvartalsvise lønnsindeksane blir nytta til å fordele lønnsveksten over året. Estimert årslønn måler gjennomsnittleg nivå på lønn for eit heilt kalenderår. Lønna omfattar månadsforteneste, overtidsgodtgjersle er ikkje rekna med. Tala over årslønn for 2002 er førebelse og vil først vere endelege ved frigjeving av lønnsstatistikken 2003.

Heiltidstilsette i finanstenester1. Estimert årslønn2, etter næring.
Per 1. september 2001-2002. Kroner og endring i prosent
Næring årslønn Endring i prosent
2001 2002 2001-2002
  Kroner Prosent
Finanstenester i alt  372 400  395 300 6,1
Bank- og forsikringsverksemd                      350 100            372 800 6,5
Anna finansiell tenesteyting  449 600  474 500 5,5
1  NOS Standard for næringsgruppering.
2  Førebelse tal

Gjennomsnittleg månadslønn

Gjennomsnittleg månadsforteneste er hovudomgrepet i lønnsstatistikken. Månadsforteneste omfattar utbetalt avtalt lønn, variable tillegg og bonus, provisjon og liknande. Overtidsgodtgjersle er ikkje rekna med i månadsfortenesta. Veksten i månadsfortenesta avvik noko frå veksten i årslønna. Månadsfortenesta blir samanlikna på eit valt tidspunkt kvart år, medan samanlikning av årslønn måler endringane mellom kalenderår. Veksten i gjennomsnittleg månadsforteneste for heiltidstilsette i finanstenester var på 5,8 prosent, eller 1 800 kroner, frå same tidspunkt i fjor.

6,8 prosent vekst i bank- og forsikringsverksemd

Gjennomsnittleg månadsforteneste for heiltidstilsette i bank- og forsikringsverksemd utgjorde 31 500 kroner. Dette er 2 000 kroner, eller 6,8 prosent, meir enn på same tidspunkt året før.

Høgskuleyrke er den største yrkesgruppa i bank- og forsikringsverksemd, med nesten halvparten av alle heiltidstilsette. Yrkesgruppa omfattar blant anna kundekonsulentar og sakshandsamarar med ei månadsforteneste på 26 700 kroner. Dette tilsvarte ein auke på 2 000 kroner, eller 8,3 prosent. Til samanlikning hadde heiltidstilsette i akademiske yrke, som mellom anna omfattar seniorkonsulentar, juristar og rådgjevarar, ei månadsforteneste på 34 600 kroner. Dette var ein auke på 1 800 kroner, eller 5,6 prosent. I leiaryrka var gjennomsnittleg månadsforteneste 46 600 kroner, ein auke på 4 600 kroner, eller 11 prosent. For heiltidstilsette i kontoryrke var månadsfortenesta 22 900 kroner, ein auke på 1 300 kroner, eller 6 prosent.

3,4 prosent vekst i anna finansiell tenesteyting

Næringa anna finansiell tenesteyting omfattar mellom anna fonds- og aksjemekling, kredittgjeving, finansiell leasing og verdipapirforvaltning.

Gjennomsnittleg månadsforteneste for heiltidstilsette i anna finansiell tenesteyting var 39 500 kroner. Dette er 3,4 prosent, eller 1 300 kroner, meir enn på same tidspunkt året før.

Dei største yrkesgruppene i næringa er kontoryrke og høgskuleyrke. Til saman omfattar desse gruppene om lag halvparten av heiltidstilsette i næringa. Veksten i gjennomsnittleg månadsforteneste for kontoryrke var 6,9 prosent, medan veksten i månadsfortenesta for tilsette i høgskuleyrke var på 1,1 prosent frå 1. september 2001. Til samanlikning var veksten for akademiske yrke på 3,8 prosent og for leiaryrke på 1,8 prosent.

Heiltidstilsette i finanstenester1. Gjennomsnittleg månadsforteneste,
etter næring. Per 1. september 2001-2002. Kroner og endring i
prosent
Næring Månadsforteneste i alt Endring i prosent
20012 2002 20012-2002
Finanstenester i alt 31 500 33 300 5,8
Bank- og forsikringsverksemd                               29 500           31 500 6,8
Anna finansiell tenesteyting 38 200 39 500 3,4
1  NOS Standard for næringsgruppering.
2  Tala er korrigerte i forhold til tidlegare publisering.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit utval av verksemder i næringa finanstenester med til saman 35 626 heiltidstilsette og 6 083 deltidstilsette. Ifølgje førebelse tal frå nasjonalrekneskapen for 3. kvartal 2002, er finanstenester ei næring som omfattar 48 700 sysselsette lønnstakarar.

Tabeller: