84631_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/komregsys/arkiv
84631
9 900 fleire tilsette i kommunane
statistikk
2012-06-15T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)KOSTRA, Offentlig forvaltning , Sysselsetting, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
false

Sysselsette i kommunal sektor2011, 4. kvartal

Tallene ble rettet 21.11.2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

9 900 fleire tilsette i kommunane

Talet på tilsette personar i kommunane auka med 2,2 prosent, eller 9 900 sysselsette, frå 4. kvartal 2010 til 4. kvartal 2011. Målt i avtalte årsverk var auken 2,2 prosent.

Talet på tilsette personar i kommunane auka med 2,2 prosent, eller 9 900 sysselsette, frå 4. kvartal 2010 til 4. kvartal 2011. Målt i avtalte årsverk var auken 2,2 prosent.

I fylkeskommunane var det ein auke i talet på tilsette med 1,6 prosent, medan talet på avtalte årsverk synte ein auke på 1,5 prosent frå 4. kvartal 2010 til 4. kvartal 2011.

Den samla sysselsettinga i kommunane og fylkeskommunane auka med 2,1 prosent frå 2010 til 2011, svarande til om lag 10 600 sysselsette, eller om lag 8 400 avtalte årsverk.

Sysselsette, avtalte årsverk og avtalte årsverk eksklusive lange fråvær i kommunane og fylkeskommunane 1 .
4. kvartal 2005-2011 (Retta 21. november 2012)
 
I alt i kommune og fylkeskommune2005200620072008200920102011Endring
2010-2011
Prosentvis endring
2010-2011
 
Sysselsette 450 564      456 350      472 513      479 339      488 717      498 674      509 26110 6252,1
Avtalte årsverk 340 846 350 919 364 096 373 777 380 932 387 513 395 8698 3882,2
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvær 308 599 317 649 329 608 338 677 343 015 350 717 359 4498 7622,5
Av dette         
Kommune i alt         
Sysselsette 406 789 411 434 426 204 433 639 441 932 451 265 461 0929 8652,2
Avtalte årsverk 303 371 312 282 324 641 334 211 340 317 346 470 354 2057 7662,2
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvær 273 616 281 556 292 735 301 767 305 375 312 435 320 5918 1882,6
          
Fylkeskommune i alt         
Sysselsette43 77544 91646 30945 70046 78547 40948 169 7601,6
Avtalte årsverk37 47538 63739 45639 56740 61541 04241 664 6221,5
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvær34 98336 09336 87336 91037 64038 28338 857 5751,5
 
1  Oslo er inkludert i tala for fylkeskommunane berre for vidaregåande opplæring og tannhelseteneste.

Avtalte årsverk i kommunane, etter område. 2011. Prosent

Avtalte årsverk i interkommunale selskap og kommunale føretak, etter område. 2011. ProsentAvtalte årsverk i kommunane, etter område. 2011. Prosent

Mange tilsette på deltid

Samla var det meir enn 461 000 tilsette personar i kommunane 4. kvartal 2011. Sidan mange arbeider deltid, svarte dette til drygt 354 200 avtalte årsverk. I fylkeskommunane var det meir enn 48 000 tilsette personar og i underkant av 42 000 avtalte årsverk.

Fleire årsverk i barnehagane og i helse- og sosial

For kommunane var det i barnehagane den prosentvise auken i avtalte årsverk var høgast, med 3,1 prosent frå 4. kvartal 2010 til 4. kvartal 2011. I helse- og sosialtenestene var auken på 3 prosent , eller nær 4 400 årsverk.

9 700 årsverk i interkommunale selskap og kommunale føretak

På visse tenesteområde organiserer kommunane verksemda si i interkommunale selskap eller i kommunale føretak. Årsverk knytte til desse er ikkje med i tala som er presenterte ovanfor. I 2011 blei om lag 9 700 årsverk utførte i slike interkommunale selskap eller kommunale føretak. Desse selskapa er mest vanlege innanfor områda vatn, avlaup og renovasjon, og i brann- og ulykkesvern.

Avtalte årsverk i fylkeskommunane, etter område. 2011. Prosent

2 700 fleire årsverk i pleie og omsorg

Når ein tek med pleie og omsorgstenester som kommunane kjøpte frå andre, auka dei avtalte årsverka for pleie og omsorg med 2,1 prosent frå 4. kvartal 2010 til 4. kvartal 2011 – svarande til nær 2 700 årsverk. Dei private tenestene utgjorde 6,6 prosent av årsverka når ein tel pleie og omsorgstenestene samla, uendra når ein samanliknar med tala frå 2010.

Nær 70 prosent av årsverka i pleie og omsorg vart utførte av personell med helse- og sosialfagleg utdanning. Talet på årsverk i serviceyrke og administrasjon innanfor pleie og omsorgstenestene har halde seg stabilt over fleire år.

Stabil situasjon i fylkeskommunane

Vidaregåande opplæring svarar for over 81 prosent av dei avtalte årsverka i fylkeskommunane. Talet på avtalte årsverk i vidaregåande opplæring endra seg berre med 0,6 prosent siste året.

Tala for sysselsette i kommunane for statistikkåret 2011 vart retta. Rettinga har si årsak i at tal for vidaregåande opplæring i Oslo var inkluderte både i tala for kommunane og for fylka. Samstundes er det òg gjort ei endring knytt til annan vidaregåande opplæring i kommunal regi. Desse årsverka er no lagt til gruppa ”anna”. Endringa gjeld åra 2006-2011.

Tabeller: