23442_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/komregsys/arkiv
23442
Fleire tilsette i kommunane
statistikk
2010-03-15T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)KOSTRA, Offentlig forvaltning , Sysselsetting, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
false

Sysselsette i kommunal sektor2009, førebelse tal, 4. kvartal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire tilsette i kommunane

I kommunar og fylkeskommunar var det sysselsett om lag 10 700 fleire i 2009 enn i 2008.

Avtalte årsverk i kommunane, etter område. 2009

Nær 490 000 personar var sysselsette i fylkeskommunane og kommunane i 4. kvartal 2009, ein auke på 2,2 prosent frå 2008.

Over 90 prosent, eller 444 000, av dei sysselsette arbeidde i kommunane. Fordi mange var tilsette på deltid, svarar dette til nær 337 000 avtalte årsverk. Trekkjer ein frå fråvær på grunn av legemeldt sjukefråvær og foreldrepermisjonar, vert talet på årsverk rundt 305 000. Den samla veksten i avtalte årsverk i kommunane var 0,8 prosent frå 2008 til 2009. Dette syner førebelse tal frå SSB; endelege tal vert publiserte i juni.

41 prosent av årsverka i helse- og sosialteneste

Meir enn 41 prosent av dei avtalte årsverka i kommunane, eller over 139 000 avtalte årsverk, vert utførte innanfor helse- og sosialteneste. Dette er ein nedgang frå 2008 i avtalte årsverk, på 0,5 prosent. Forklaringa på denne reduksjonen er at ein for 2009 har teke sysselsette i institusjonar som kommunane driv for spesialisthelsetenesta, ut av tala for den kommunale helse- og sosialtenesta. Dei er i staden grupperte under ”anna” i tabell 1. Dei avtalte årsverka i kommunale barnehagar auka med 2,4 prosent frå 2008.

Stabilt i pleie og omsorg

På visse tenesteområde kjøper ein del kommunar tenester frå private, eller organiserer verksemda si i interkommunale selskap. Årsverk knytte til desse er ikkje med i tala som er presenterte over.

Når ein tek med også desse tenestene, syner dei førebelse tala for avtalte årsverk i pleie og omsorg om lag nullvekst frå 4. kvartal 2008 til 4. kvartal 2009. Dei siste åra har dei førebelse tala synt ein noko lågare vekst enn dei endelege tala for pleie og omsorg.

Avtalte årsverk i fylkeskommunane, etter område. 2009

Dei private tenestene utgjorde i 2009 6,7 prosent av dei avtalte årsverka når ein tel pleie og omsorgstenestene samla, mot 5,6 prosent i 2008. Privat drivne institusjonar og heimesjukepleie reknar ein er godt dekt i statistikken. For privat heimehjelp er det ei viss underdekning.

Auke i sysselsetjinga i fylkeskommunane

Per 4. kvartal 2009 var over 46 000 sysselsette i fylkeskommunane, svarande til 40 100 avtalte årsverk. Samanlikna med tal for 2008 utgjer dette ein auke på 1,4 prosent, eller 544 avtalte årsverk.

Som tidlegare år er det vidaregåande opplæring som står for nær 83 prosent av dei avtalte årsverka.

Sysselsette, avtalte årsverk og avtalte årsverk eksklusive lange fråver i kommunane og fylkeskommunane1. 4.kvartal 2005-20092
I alt i kommune og fylkeskommune 2005 2006 2007 2008 2009 Endring 2008-2009 Prosentvis endring 2008-2009
Sysselsette  450 564  456 312  472 461  479 300  489 957 10 657 2,2
Avtalte årsverk  340 846  350 886  364 066  373 745  377 114 3 369 0,9
Avtalte årsverk eksklusive lange fråver  308 599  317 620  329 579  338 646  342 030 3 385 1,0
herav              
Kommune i alt              
Sysselsette  406 789  411 396  426 152  433 600  443 918 10 318 2,4
Avtalte årsverk  303 371  312 249  324 611  334 178  337 004 2 826 0,8
Avtalte årsverk eksklusive lange fråver  273 616  281 527  292 706  301 735  304 677 2 941 1,0
               
Fylkeskommune i alt              
Sysselsette 43 775 44 916 46 309 45 700 46 039  339 0,7
Avtalte årsverk 37 475 38 637 39 456 39 567 40 110  544 1,4
Avtalte årsverk eksklusive lange fråver 34 983 36 093 36 873 36 910 37 354  443 1,2
1  Oslo er berre inkludert i fylkeskommunane for videregåande opplæring.
2  Tal for 4.kvartal er førebelse.

Om talgrunnlaget

I tala for fylkeskommunane er Oslo med under tenester innanfor vidaregåande opplæring. Oslo er elles berre med i kommunetala.

Tannhelsetenesta i einskilde fylke er organisert som eigne føretak og er difor ikkje med i tala for fylkeskommunane, men desse føretaka er rekna med når ein lagar tal for kommunar og fylke som konsern. Tala for konsern finn ein i faktaark for konsern i KOSTRA.

Tabeller: