23446_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/komregsys/arkiv
23446
Fleire årsverk i barnehagane
statistikk
2009-03-16T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)KOSTRA, Offentlig forvaltning , Sysselsetting, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
false

Sysselsette i kommunal sektor2008, førebelse tal, 4. kvartal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire årsverk i barnehagane

Dei førebelse tala for 2008 syner ein auke på 7 prosent i avtalte årsverk i barnehagane samanlikna med tal for 2007. Barnehagane hadde meir enn ein tredel av den samla auken av avtalte årsverk i kommunane.

Den samla veksten i avtalte årsverk i kommunane var 3,2 prosent frå 2007 til 2008. Sjølv om talet på dei kommunale barnehagane auka mest, er helse- og sosialtenestene området som sysselset flest. 42 prosent av dei avtalte årsverka i kommunane var knytte til helse- og sosialtenestene.

I 2008 var det samla sett nær 440 000 sysselsette personar i kommunane. Fordi mange var tilsette på deltid, svarar dette til nær 332 000 avtalte årsverk. Trekker ein frå fråvere som har si årsak i legemeldt sjukefråvere og foreldrepermisjonar, vert talet på årsverk rundt 302 000. Tapte årsverk på grunn av slike fråvere var 5,3 prosent lågare i 2008 jamført med 2007.

Sysselsette, avtalte årsverk og avtalte årsverk eksklusive lange fråvere i kommunane og fylkeskommunane1. 4.kvartal 2005-20082
I alt i kommune og fylkeskommune 2005 2006 2007 2008 Endring
2007- 2008
Prosentvis
endring
 2007-2008
Sysselsette  450 564       456 312        472 461        485 481 13 020 2,8
Avtalte årsverk  340 846  350 886  364 066  371 345 7 278 2,0
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere  308 599  317 620  329 579  338 623 9 044 2,7
herav            
Kommune i alt            
Sysselsette  406 789  411 396  426 152  439 658 13 506 3,2
Avtalte årsverk  303 371  312 249  324 611  331 731 7 120 2,2
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere  273 616  281 527  292 706  301 511 8 804 3,0
             
Fylkeskommune i alt            
Sysselsette 43 775 44 916 46 309 45 823 -486 -1,0
Avtalte årsverk 37 475 38 637 39 456 39 614  158 0,4
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere 34 983 36 093 36 873 37 112  240 0,7
1  Oslo er berre inkludert i fylkeskommunane for videregåande opplæring.
2  Tal for 4.kvartal 2008 er førebelse.

Avtalte årsverk i fylkeskommunane, etter område. 2008. Prosent

Avtalte årsverk i kommunane, etter område. 2008. Prosent

Svakare vekst i årsverk i pleie og omsorg

Veksten i avtalte årsverk for pleie og omsorg var frå 2007 til 2008 på 1,2 prosent, medan veksten dei to førre åra var på 4,4 og 5,7 prosent. Ein vekst på 1,2 prosent svarer til om lag 1 400 avtalte årsverk. Når ein trekker frå årsverk tapt på grunn av legemeldt sjukefråvere og foreldrepermisjon, var veksten frå 2007 til 2008 på 1,6 prosent. Om lag to tredelar av årsverka i pleie og omsorg vart utførte av personell med helse- og sosialfagleg utdanning.

I tala for pleie og omsorgstenestene inngår òg årsverk frå private som utfører slike tenester på vegne av kommunane. Desse private tenestene utgjer 5,6 prosent av pleie og omsorgstenestene samla i 2008. Delen private tenester har vore nær uendra sidan 2005. Privat drivne institusjonar og heimesjukepleie reknar ein er godt dekt i statistikken. For privat heimehjelp er det ei viss underdekning.

Uendra årsverk i fylkeskommunane

Avtalte årsverk i fylkeskommunane er nær uendra samanlikna med 2007, med ein auke på 0,4 prosent, eller 158 årsverk. Som tidlegare år står vidaregåande skule for over 83 prosent av dei avtalte årsverka.

I tala for fylkeskommunane er Oslo med under tenester innanfor vidaregåande opplæring. Oslo er elles berre med i kommunetala. Tannhelsetenesta i einskilde fylke er organisert som eigne føretak og er difor ikkje med i tala for fylkeskommunane, men desse føretaka er rekna med når ein lagar tal for kommunar og fylke som konsern. Tala for konsern finn ein i faktaark for konsern i KOSTRA.

Tabeller: