23452_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/komregsys/arkiv
23452
Sysselsetjinga i kommunal sektor aukar
statistikk
2008-03-14T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)KOSTRA, Offentlig forvaltning , Sysselsetting, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
false

Sysselsette i kommunal sektor2007, førebelse tal, 4. kvartal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sysselsetjinga i kommunal sektor aukar

Talet på sysselsette i kommunane auka med 4,0 prosent frå 4. kvartal 2006 til 4. kvartal 2007. Dei førebelse tala syner at om lag 428 000 personar hadde sitt arbeid i kommunane. Fylkeskommunane sysselsette nær 45 700, ein auke på 1,6 prosent i same periode.

Avtalte årsverk i fylkeskommunane, etter område. Prosent

Avtalte årsverk i kommunane, etter område. Prosent

Sysselsette, avtalte årsverk og korrigerte årsverk i kommunane og fylkeskommunane1. 4. kvartal 2006 og førebelse tal for 4. kvartal 2007
  2006 2007 Endring
2006-2007
Prosentvis endring
2006-2007
Kommunar og fylkeskommunar i alt        
Sysselsette  456 312      473 606 17 294 3,8
Avtalte årsverk  350 886  364 826 13 939 4,0
Korrigerte avtalte årsverk  317 620  329 676 12 057 3,8
         
Kommunar        
Sysselsette  411 396  427 950 16 554 4,0
Avtalte årsverk  312 249  325 198 12 948 4,1
Korrigerte avtale årsverk  281 527  292 640 11 114 3,9
         
Fylkeskommunar        
Sysselsette 44 916 45 656  740 1,6
Avtalte årsverk 38 637 39 628  991 2,6
Korrigerte avtalte årsverk 36 093 37 036  943 2,6
1  Oslo er berre inkludert i fylkeskommunane for vidaregåande opplæring.

Målt i avtalt arbeidstid og rekna om til årsverk var veksten i kommunal sektor på 4,1 prosent eller nær 13 000 årsverk. Helse- og sosialtenester er området der flest kommunetilsette arbeider. 43,0 prosent av årsverka i kommunane i 4. kvartal 2007 er knytte til tenester innanfor helse- og sosialområdet, medan 28,0 prosent var knytte til grunnskulen.

Vekst i avtalte årsverk i pleie og omsorg

Dei førebelse tala for 2007 viser ein vekst i avtalte årsverk i pleie og omsorg (kommunal og privat sektor) på 2,9 prosent. Talet på årsverk er no 116 508. Det er i første rekkje årsverka til personar med helse- eller sosialfagleg utdanning som aukar.

Fylkeskommunane har flest årsverk i vidaregåande opplæring

Fylkeskommunane sysselsette nær 45 700 svarande til 39 600 årsverk. 83,0 prosent av dei avtalte årsverka i fylkeskommunane er knytte til vidaregåande opplæring, medan 10,0 prosent er knytte til administrasjon. I tala for fylkeskommunane er Oslo med under tenester innanfor vidaregåande opplæring. Oslo er elles berre med i kommunetala. Tannhelsetenesta i einskilde fylke er organisert som eigne føretak og er difor ikkje med i tala for fylkeskommunane, men desse føretaka er rekna med når ein lagar tal for kommunar og fylke som konsern.

Om statistikkgrunnlaget

Tala for 2006 er reviderte sidan siste publisering. Dette er nærare omtalt i eit eige notat . Meir informasjon om tala som blir publiserte i KOSTRA finn ein elles i fagleg rettleiing for KOSTRA .

Tabeller: