Rapporter 2013/51

Funksjonshemma på arbeidsmarknaden i 2013

Dette er ein rapport frå ei tilleggsundersøking til Arbeidskraftundersøkinga (AKU) 2. kvartal 2013 om situasjonen til dei funksjonshemma på arbeidsmarknaden. Tilsvarande undersøkingar er blitt gjennomførte årleg sidan 2002.

Nær 17 prosent av befolkninga i alderen 15-66 år svarte i 2. kvartal 2013 at dei har ei funksjonshemming. I 2002 var delen funksjonshemma like stor. Frå 2002 til 2013 har sysselsetjingsprosenten for dei funksjonshemma falle med om lag tre prosentpoeng.

Blant dei funksjonshemma hadde 45 prosent av dei sysselsette ein deltidsjobb i 2. kvartal 2013, mens dette gjaldt for berre 26 prosent av dei sysselsette i alt. Over lengre tid har utviklinga gått i retning av fleire på deltid blant menn med funksjonshemming.

Blant dei som var med i undersøkinga både i 2012 og i 2013, var 33 prosent sysselsett på begge tidspunkta, mens 56 prosent var utanfor arbeidsstyrken. Om lag 7 prosent gjekk ut av sysselsetting og 2 prosent motsett veg.

Dette er ein rapport frå ei tilleggsundersøking til Arbeidskraftundersøkinga (AKU) 2. kvartal 2013 om situasjonen til dei funksjonshemma på arbeidsmarknaden. Tilsvarande undersøkingar er blitt gjennomførte årleg sidan 2002.

Bakgrunnen for undersøkingane er at styresmaktene har behov for meir kunnskap om situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne og arbeidsmarknaden. Intensjonsavtalen mellom styresmaktene og partane i arbeidslivet om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) har inkludering av personar med redusert funksjonsevne som eitt av hovudmåla.

Arbeidet med rapporten er finansiert av Arbeidsdepartementet.

Om publikasjonen

Tittel

Funksjonshemma på arbeidsmarknaden i 2013

Ansvarlige

Tor Petter Bø, Inger Håland

Serie og -nummer

Rapporter 2013/51

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Emner

Funksjonsevne , Sysselsetting

ISBN (elektronisk)

978-82-537-8794-7

ISBN (trykt)

978-82-537-8793-0

Antall sider

38

Målform

Nynorsk

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt