Over 1,8 millionar medlemer i arbeidstakarorganisasjonane
Publisert:
Dei seinare åra har arbeidstakarorganisasjonane i landet fått fleire medlemer, og med om lag 20 000 fleire medlemmar i fjor ser det ut til at trenden held fram.
Figur 1. Medlemer i arbeidstakarorganisasjonar
Medlemer | |
2006 | 1547365 |
2007 | 1576255 |
2008 | 1621073 |
2009 | 1636537 |
2010 | 1658786 |
2011 | 1687660 |
2012 | 1727129 |
2013 | 1744982 |
2014 | 1778230 |
2015 | 1793021 |
2016 | 1813979 |
Dei siste åra har talet på medlemmar i arbeidstakarorganisasjonar auka jamt og trutt, frå om lag 1,5 millionar i 2003, til over 1,8 millionar i 2016. Det kjem fram av nye tal for medlemer i arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar. Statistikken er basert på frivillig rapportering og inkluderer også medlemer som ikkje er yrkesaktive.
- Det ser ut til at arbeidstakarorganisasjonane i Noreg har haldt nokon lunde stand dei siste åra, seier seniorrådgjevar i SSB Harald Lunde.
Likevel syner tal frå OECD at det i Noreg, likeins med resten av landa knytt til organisasjonen, er ein mindre del av arbeidstakarane i Noreg er organiserte no, enn det som var tilfelle tidleg på 1990-talet.
Kontakt
-
Harald Lunde
-
SSBs informasjonstjeneste