Liten auke i samla skatteinnbetalingar

Publisert:

Hittil i år er det betalt inn 236 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det svarar til ein auke på 2,1 prosent samanlikna med det fyrste kvartalet i 2016, viser tal frå statistikken Skatterekneskap.

Så langt i år er det auken i innbetalingane frå personlege skattytarar som står for mestepartenav veksten i samla innbetalingar. Deira bidrag er 6 milliardar kroner høgare enn dei tre fyrste månadane i 2016. Bidraget frå upersonlege skattytarar utanom oljeskattane er marginalt høgare enn i same periode i fjor. 

Høgare innbetalingar til kommuneforvaltninga 

Hittil i 2017 har kommuneforvaltninga motteke 3,4 milliardar kroner meir enn i fyrste kvartal i 2016. Desse innbetalingane utgjer i slutten av mars totalt 54 milliardar kroner. I same periode har innbetalingane til statsforvaltninga heldt seg stabile samanlikna med i fjor og ligg på 77 milliardar kroner. 

94 milliardar kroner til folketrygda 

Så langt i år utgjer innbetalingane til folketrygda 94 milliardar kroner, noko som svarar til ein auke på drygt 3 milliardar kroner samanlikna med dei tre fyrste månadane i 2016. Av dei samla innbetalingane så langt utgjer medlemsavgifta 40 milliardar og arbeidsgjevaravgifta 54 milliardar.

Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - mars akkumulert. Prosentvis endring
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - mars akkumulert. Prosentvis endring
2016-2017 2015-2016
Sum fylker unnatekekontinentalsokkelen 3.4 1.8
Finnmark Finnmárku 5.5 3.7
Troms Romsa 6.1 7.8
Nordland 4.5 4.0
Nord-Trøndelag 3.6 3.4
Sør-Trøndelag 3.5 1.5
Møre og Romsdal 1.7 -2.2
Sogn og Fjordane 1.3 2.4
Hordaland 2.9 -0.9
Rogaland -4.2 -1.1
Vest-Agder -2.0 7.5
Aust-Agder -0.2 4.8
Telemark 5.8 1.1
Vestfold 3.3 3.2
Buskerud 3.6 2.1
Oppland 4.0 2.0
Hedmark 3.6 4.0
Oslo 6.4 1.7
Akershus 6.0 2.4
Østfold 4.1 4.5

Kontakt