138804_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/aar
138804
8 prosent auke for trus- og livssynssamfunna
statistikk
2013-12-04T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Innvandring og innvandrere, Kultur og fritid
false

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja1. januar 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

8 prosent auke for trus- og livssynssamfunna

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, og som får statstilskot, hadde nærare 550 000 medlemmer per 1. januar 2013. Det er ein oppgang på 39 000, eller 8 prosent, frå året før. Dessutan er det den største årlege medlemsauken sidan 2005.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. Per 1. januar1
2013Endring i prosent
MedlemmerProsentdel2012 - 20132009 - 2013
1Omfattar berre medlemmer det vert motteke offentleg stønad for.
2Eit samfunn ikkje representert i statistikken i 2012.
I alt549 400100,07,627,4
Baha'i1 1220,23,19,7
Buddhisme16 0012,93,730,6
Hinduisme6 7971,219,529,8
Islam120 88222,07,730,3
Jødedom27880,1415,0-1,9
Kristendom312 92557,08,333,3
Sikhisme23 3230,6193,322,5
Livssyn86 06115,71,66,1
Andre trus- og livssynssamfunn1 5010,323,2142,9

Av dei 5 051 000 personane som var busette i Noreg 1. januar 2013, var 10,9 prosent medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja (Dnk). Veksten i medlemmer har vore høgare enn førre året, sjølv om ein korrigerer for dei samfunna som ikkje var representerte i statistikken i 2012. Kvart år kjem det til nokre nye samfunn i statistikken, medan andre samfunn som har vore med tidlegare, ikkje er representerte lenger. Dei nye samfunna utgjer berre 0,4 prosent av alle medlemmene. Samstundes er nokre samfunn som ikkje var med i statistikken i fjor, med att i år.

Nær 313 000 er medlemmer i kristne trussamfunn ...

Av alle trus- og livssynssamfunna utanfor Dnk som får statstilskot, har framleis dei kristne trussamfunna flest medlemmer, med 313 000 personar, eller 57 prosent av alle medlemmer per 1. januar. Dei kristne trussamfunna har hatt størst vekst i talet på medlemmer, 24 000 fleire enn året før. Den romersk-katolske kyrkja er det største kristne trussamfunnet eller trusretninga, med over 121 000 medlemmer. Talet på medlemmer i Den romersk-katolske kyrkja har stige med nær 19 000, eller 18 prosent, sidan 2012 og er dobbelt så høgt som i 2008. Denne auken må sjåast i samanheng med større innvandring frå andre land, spesielt har innvandringa frå Polen vore merkbar dei siste åra. Sjå statistikken for Innvandring og utvandring . Meinigheiter innanfor pinserørsla talde om lag 39 400 medlemmer. Ein ser her ein liten auke i medlemstalet etter fleire år med svak nedgang.

... og 120 900 er medlemmer i islamske trussamfunn

120 900, eller 22 prosent, av medlemmene i trus- og livssynssamfunn er medlemmer i islamske trussamfunn. Talet på muslimar som er medlemmer i eit islamsk samfunn, auka med 8 700 mellom 2012 og 2013. Sidan 2008 har oppgangen vore på 45 prosent, eller 37 000 medlemmer. Nokre av dei andre religionane i statistikken har halde seg på om lag same nivået gjennom fleire år, buddhisme utgjorde 3 prosent, medan hinduisme og sikhisme utgjorde høvesvis 1,2 og 0,6 prosent per 1. januar 2013. Trussamfunn som høyrer til hinduisme, hadde størst prosentvis auke, om lag 19 prosent frå 2012 til 2013, og desse samfunna har til saman 6 800 medlemmer.

Talet på medlemmer i Human-Etisk Forbund var 84 300 per 1. januar 2013. Dette er ein auke på litt over 1 000 medlemmer frå året før. Andre livssynssamfunn hadde på det same tidspunktet 1 750 medlemmer. Det har òg vore ein svak auke av medlemmer i livssynssamfunn utanom Human-Etisk forbund.

Flest nye medlemmer i Oslo

Fram til årsskiftet har det vore ein vekst i talet på medlemmer i alle delar av landet. Oslo er framleis fylket der flest står i eit trus- eller livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. I hovudstaden er 135 000, eller 22 prosent, av innbyggjarane medlemmer i eit trus- eller livssynssamfunn utanfor Dnk. Denne delen syner ein svak auke i høve til folkemengda per 1. januar. Om lag ein fjerdedel av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn utanfor statskyrkja er busette i hovudstaden.

Oslo hadde òg den største auken i det absolutte talet på medlemmer frå 1. januar 2012, med 17 800. Oppgangen i hovudstaden utgjorde 15 prosent, men fleire fylke hadde ein høgare prosentvis vekst i talet på medlemmer, til dømes Sogn og Fjordane med 27, og Rogaland og Hordaland begge med 17 prosent auke.

Mellom dei som er busette i Oslo, har dei islamske samfunna nærare 53 000 medlemmer, og kristne trussamfunn drygt 56 000 medlemmer. Oslo har òg største delen av medlemmene i livssynssamfunn med 18 000. 37 prosent av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn bur i Oslo og Akershus, om lag det same talet som åra før.

Mottakarar av statstilskotÅpne og lesLukk

Statistikken omfattar medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottar statstilskot det enkelte år. Det kan til dels gi store svingingar på nokre kategoriar frå år til år. Dette kan skyldast at nokre samfunn av ulike årsaker ikkje er med i statistikken det enkelte år. For 2010 var eit samfunn innan sihkisme ikkje representert i statistikken. For 2012 var det eit samfunn innan sikhisme og eit innan jødedom som ikkje var representert i statistikken. Det er og samfunn som aldri søkjer om tilskot.