20266_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/elvefiske/aar
20266
Auka laksefiske i elvane
statistikk
2006-01-26T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
elvefiske, Elvefiske, elvar, fangst, fang og slepp, gjenutsetjingFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Elvefiske2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka laksefiske i elvane

Førebelse tal viser ein fangst på 518 tonn laks, sjøaure og sjørøye i elvane i 2005. Det er om lag 110 tonn meir enn i 2004, men vel 62 tonn mindre enn i 2003.

Fangsten var fordelt på 423 tonn laks og 95 tonn sjøaure og sjørøye. I forhold til året før var det ein auke på 33 prosent for laks og 6 prosent for dei to andre fiskeslaga.

Elvefiske etter laks. 1996-2005*. Kg

Gjennomsnittsvekta for laks gjekk ned frå 3,3 kilo i 2004 til 2,9 kilo i 2005. 44 prosent av laksen vog under 3 kg, 29 prosent mellom 3 og 7 kg og 27 prosent over 7 kg. Tala for 2004 var høvesvis 33, 39 og 28 prosent.

Gaulavassdraget var det viktigaste vassdraget i 2005, med ein fangst på 37,5 tonn. Dette er ein auke på 10,3 tonn frå 2004. Sidan det fortsatt kan mangle nokre fangstoppgåver, må Namsenvassdraget (34,1 tonn) og Tana med bielvar (33,8 tonn) seiast å dele andreplassen. Deretter følgjer Orkla og Altaelva. Den berekna fangsten i Tana er 52 tonn mindre enn i 2003.

Reknar ein per fylke, kjem Finnmark og Sør-Trøndelag ut med størst fangst også i 2005. Til saman blei 35 prosent av elvefangsten teke i desse fylka. Fangsten i Sør-Trøndelag auka med 49 prosent. Dette kan ha samanheng med at organisasjonen " Elvene rundt Trondheimsfjorden" har kjøpt opp ein del kilenotrettar frå sjølaksefiskarane som eit ledd i å auke oppgangen av villaks i elvane.

Statistikken kjem ut årleg.

Elvefiske etter laks, sjøaure
og sjørøye. Heile landet. Tonn
(Retta 06.02.2006)
  2001 2002 2003 2004 2005*
I alt  664  517  580  408  518
           
Laks i alt  571  423  474  319  423
Under 3 kilo  221  127  177  105  189
Mellom 3 og 7 kilo  205  162  158  126  122
Over 7 kilo  145  134  139 88  113
Sjøaure og sjørøye 93 94  106 89 95
Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Elvar/vassdrag
med størst fangst. Tonn
         2001      2002      2003      2004      2005*
Gaulavassdraget 48,6 32,8 38,6 27,2 37,5
Namsenvassdraget 39,8 22,0 31,9 23,6 34,1
Tana med bielvar  129,2  104,0 86,1 35,8 33,8
Orkla 24,3 36,6 33,3 17,7 26,4
Altaelva 13,9 14,8 15,1 12,1 17,8
Tengs-, Bjerkreimselva      14,9 12,1 14,1 10,6 13,8
Numedalslågen 21,7 24,4 19,3 15,8 12,2
Mandalselva 11,3 8,4 9,0 7,1 11,7
Otra 7,6 5,5 7,6 5,9 10,1
Drammenselva 10,4 10,2 15,9 13,7 9,9
Elvefiske. Fangst etter vektklasse og fylke. 2005*. Kg (Retta 06.02.2006)
  Fangst i alt Laks Sjøaure og sjørøye
  I alt Under 3 kg 3-7 kg Over 7 kg
Heile landet  517 688  423 167  188 548  121 671  112 948 94 521
østfold 1 960 1 935  226 1 038  671 25
Akershus og Oslo  196 34 30 4 0  162
Buskerud 10 438 9 961 1 259 3 328 5 374  477
Vestfold 12 152 11 855 1 708 6 645 3 502  297
Telemark 1 469 1 454  529  845 80 15
Aust-Agder  732  427  379 41 7  305
Vest-Agder 28 809 27 025 18 667 7 018 1 340 1 784
Rogaland 48 039 45 679 30 186 12 421 3 072 2 360
Hordaland 14 685 9 985 4 633 3 959 1 393 4 700
Sogn og Fjordane 36 325 28 087 9 573 11 385 7 129 8 238
Møre og Romsdal 39 546 29 667 13 875 11 951 3 841 9 880
Sør-Trøndelag 82 227 79 193 25 308 20 263 33 622 3 034
Nord-Trøndelag 57 306 52 503 23 301 13 146 16 056 4 803
Nordland 49 793 21 512 13 324 6 018 2 170 28 281
Troms 33 533 15 182 7 195 4 135 3 852 18 351
Finnmark  100 478 88 668 38 356 19 474 30 839 11 809

(1)Tekst og tal er retta 06.02.2006.