53288_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitetaar/aar
53288
Lågare driftsresultat i kraftsektoren
statistikk
2011-04-13T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitetaar, Elektrisitet, årstal, elektrisitetsproduksjon, straumforbruk, vasskraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, straumprisar, kraftselskap, kraftstasjonar, e-verk, resultatrekneskap, driftsrekneskap, sysselsette, ledningsnett, transformatorar, import, eksportEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitet, årstal2009

Statistikken publiseres fra desember 2015 sammen med Elektrisitet.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare driftsresultat i kraftsektoren

Driftsresultatet for kraftselskapa blei 29,3 milliardar i 2009. Det er ein nedgang på 17 prosent i høve til året før. Nedgangen må ein sjå i samanheng med lågare produksjon og prisar i 2009.

Resultatrekneskap i 1998-kroner

Som i tidlegare år hadde produksjonsverka det høgaste driftsresultatet, på 23 milliardar. Engrosverka oppnådde eit driftsresultat på 1 milliard, medan driftsresultatet for nettselskapa og resterande verk var høvesvis 2,1 og 3,2 milliardar.

Årsoverskotet i kraftsektoren blei 17,3 milliardar i 2009, ein nedgang på 7 prosent i høve til året før.

Lågare bruttoinvesteringar

Bruttoinvesteringane, som er innkjøp minus sal, for kraftselskapa gjekk ned frå 12,9 milliardar i 2008 til 10,9 milliardar kroner i 2009. Bruttoinvesteringar i vasskraftanlegg og vasskraftstasjonar var høvesvis 261 og 3 095 millionar, og bruttoinvesteringar i varmekraftanlegg og vindkraftverk var høvesvis 303 og 56 millionar. Det vart investert i sentral-, regional- og distribusjonsnett høvesvis 1 225, 1 041 og 3 097 millionar i 2009.

Nedgang i straumforbruket

Nøkkeltal for kraftsektoren, etter type verk. 2009

Frå 2008 til 2009 var det ein nedgang i straumforbruket på 3 prosent, og totalt nettoforbruk blei 112,4 TWh. Medan forbruket i kraftintensiv industri blei redusert med heile 8 TWh, var det ein oppgang i forbruket i tenesteyting og hushald på høvesvis 0,5 og 1 TWh. Nedgangen i straumforbruket i kraftintensiv industri må sjåast i samanheng med den internasjonale finanskrisen i 2009.

Auke i straumforbruket i hytter og fritidshus

Straumforbruket i hytter og fritidshus var 1,6 TWh i 2009, ein auke på 7 prosent i høve til året før. Sjølv om forbruket i hytter og fritidshus har auka med om lag 6-8 prosent i kvart år sia 2004, utgjorde det berre 1,5 prosent av det totale nettoforbruket i 2009. I 2000 var straumforbruket i hytter og fritidshus om lag 1 TWh.

Elektrisitetsprisar

Innkjøp av varige driftsmiddel, 1998-kroner

Den totale straumrekninga for hushald er sett saman av kraftpris, nettleige og offentlege avgifter (elavgift og meirverdiavgift). Den totale prisen eit hushald måtte betale for kraft, nettleige og elavgift gjekk ned frå 74,9 øre/kWh i 2008 til 71,5 øre/kWh i 2009, eksklusive meirverdiavgift. Kraftprisen, nettleige og elavgift til hushald var høvesvis 35,6, 25,4 og 10,5 øre/kWh i 2009.

Straumproduksjon og kraftutveksling

Produksjonen av elektrisk kraft var 131,8 TWh i 2009, ein nedgang på 7 prosent i høve til året før. Produksjonsbidraget frå varmekraft var 4,7 TWh, mens vindkraft stod for om lag 1 TWh. Noreg eksporterte 14,6 TWh i 2009, medan vi importerte 5,7 TWh. Dette gav ein netto eksport på 8,9 TWh.

Tal for endring av straumforbruket mellom 2008 og 2009 er særleg for tenesteytande næringar noko usikre, grunna endringar i kundegrupperinga i rapporteringa frå nokre kraftselskap. I statistikken for 2009 er vidare kraftsal og kraftkjøp registrert av kraftbørsen ikkje lenger tatt med under driftsinntekter og driftskostnader. Revisjonen er gjort tilbake til 2000. Størrelsar som driftsresultat, årsoverskot, tilverkingsverdi og totalkapitalrentabilitet er ikkje påverka av dette.

Tabeller: