8495_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitetaar/aar
8495
Høgare årsoverskot i kraftsektoren
statistikk
2006-07-27T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitetaar, Elektrisitet, årstal, elektrisitetsproduksjon, straumforbruk, vasskraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, straumprisar, kraftselskap, kraftstasjonar, e-verk, resultatrekneskap, driftsrekneskap, sysselsette, ledningsnett, transformatorar, import, eksportEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitet, årstal2004

Statistikken publiseres fra desember 2015 sammen med Elektrisitet.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høgare årsoverskot i kraftsektoren

Årsoverskotet i kraftsektoren gjekk opp med 6,5 prosent og enda på 11,3 milliardar kroner i 2004. Driftsmarginane i kraftsektoren steig med 1,7 prosentpoeng frå 2003 til 2004, medan det blei ein liten nedgang på 0,6 prosentpoeng i både totalrentabiliteten og eigenkapitalrentabiliteten.

Resultatrekneskap for føretak i kraftsektoren. Millionar 1998-kroner

Nøkkeltal for kraftsektoren, etter type verk. 2004. Prosent

Driftsmarginen viser forholdet mellom driftsresultat og driftsinntekt. Driftsmarginen steig med 1,7 prosentpoeng frå 2003 til 2004 og blei 17,6 prosent for kraftsektoren totalt. Driftsresultatet blei 20,6 milliardar kroner. Det er ein oppgang på 5,1 prosent frå 2003. Driftsresultatet for produksjonsverka var 11,4 milliardar, og dei hadde ein driftsmargin på 49,4 prosent. Dette er ein auke frå 2003 på 4,9 prosentpoeng. Engrosverka oppnådde eit driftsresultat på 2,4 milliardar, som ga ein driftsmargin på 15,4 prosent. Bruttoproduksjonsverdien auka med 3,2 prosent frå 2003 og blei 50,8 milliardar. Totalrentabiliteten og eigenkapitalrentabiliteten blei høvesvis 7,5 og 7,6 prosent.

Bruttoinvesteringane i kraftsektoren totalt gjekk ned med 7,1 prosent og utgjorde 5,3 milliardar kroner i 2004. Medan investeringene i vasskraftstasjonar gjekk kraftig ned samanlikna med 2003, var det ein auke i både investeringar i vindkraftverk og i overføringsanlegg.

I 2004 var det totalt 12 012 sysselsette i kraftsektoren, 0,9 prosent færre enn i 2003. Det var i alt 642 vasskraftstasjonar, 19 varmekraftstasjonar og 12 vindkraftstasjonar.

Innkjøp av varige driftsmiddel. Millionar 1998-kroner

Lågare straumpris

Den totale prisen eit hushald måtte betale for kraft, nettleige og elavgift gjekk ned frå 71,3 øre/kWh i 2003 til 63,2 øre/kWh i 2004 eksklusive meirverdiavgift. Dette er ein nedgang på 11,4 prosent. Medan kraftprisen til hushald var 37,1 øre/kWh i 2003, blei gjennomsnittleg pris 27,7 øre/kWh i 2004. Nettleiga steig frå 24,9 til 26,2 øre/kWh.

Nyttbar, utbygd og varig verna vassdrag. 1928-2005. GWh

Høg import av straum

Det var ein produksjonsauke på 3 prosent frå 2003 til 2004. Totalt blei det produsert 110,5 TWh. Medan Noreg i 2002 netto eksporterte 9 711 GWh, var det i både 2003 og 2004 ein stor nettoimport av straum. Nettoimporten av straum i 2004 var 11 492 GWh.

Høgare forbruk

Frå 2003 til 2004 var det ein auke i forbruket på 5,1 prosent og totalt nettoforbruk blei 109,6 TWh. Hushalda sitt forbruk steig med 1,3 prosent, medan forbruket til hytter og fritidshus gjekk ned med 1,9 prosent. Forbruket i kraftintensiv industri auka med 10,3 prosent og utgjorde 35 142 GWh. Transport og kommunikasjonsverksemd reduserte forbruket sitt med 21,5 prosent, medan treforedling auka forbruket med 2,6 prosent.

Tabeller: