203082_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkemengde/aar-berekna
203082
Like høg folkevekst i 2014 som i 2013
statistikk
2014-12-18T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2015, berekna tal

Statistisk sentralbyrå bereknar folketalet ved årsskiftet. Tala er berre aktuelle i perioden desember-februar. I februar kjem dei endelege tala for årsskiftet .

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Like høg folkevekst i 2014 som i 2013

Det vil bu om lag 5 167 000 personar i Noreg 1. januar 2015. Folkeveksten for 2014 blir då på 57 900 personar. Dette vil vere 100 fleire enn året før, men om lag 7 500 færre enn i toppåret 2011. Veksten er likevel mykje høgare enn i åra før 2007, då arbeidsinnvandringa skaut fart.

Berekna folketilvekst og folkemengde. Heile landet og dei ti største kommunane.
2014
Folkemengde 1. januar. Endelege talBerekna folketilvekstBerekna folkemengde 31. desemberBerekna folketilvekst. Prosent
Rettet 7. januar 2015.
Hele landet5 109 05657 9135 166 9691,1
Fredrikstad77 59156178 1520,7
Bærum118 5882 036120 6241,7
Oslo634 46313 447647 9102,1
Drammen66 21491567 1291,4
Kristiansand85 9831 58787 5701,8
Sandnes71 9001 71573 6152,4
Stavanger130 7541 406132 1601,1
Bergen271 9493 130275 0791,2
Trondheim182 0353 025185 0601,7
Tromsø71 5901 08272 6721,5

Nettoinnvandring frå utlandet utgjer størstedelen av folkeveksten.

68 prosent av folkeveksten i 2014 vil kome på grunn av innflyttingsoverskotet frå utlandet, medan 32 prosent kjem av fødselsoverskotet. Til samanlikning var det på midten av 1990-talet fødselsoverskotet som stod for den største parten av folkeveksten med om lag 70 prosent.

Totalt vil nettoinnvandringa frå utlandet vere på 39 600. Dette vil vere 500 lågare enn i 2013, og om lag 3 000 lågare enn gjennomsnittet for dei sju føregåande åra, men samstundes eit mykje høgare nivå enn for åra fram til og med 2006. I tida fram mot 1970 var det tidvis nettoutvandring frå landet.

Eit fødselsoverskot på 18 300 vil vere 600 høgare enn førre året, men 2 100 lågare enn toppåret 2009. Likevel er overskotet større enn i åra mellom 1975 og 2007. I nokre år på 1980-talet var talet særs lågt, og i 1985 ikkje høgare enn 6 750.

Framleis dei sentrale stroka som veks mest, og Oslo mest av alle

Folketalet veks i alle fylka, men som vanleg er veksten størst i dei store byane og sentrale områda. Om lag 61 prosent av veksten finn stad i Oslo, Akershus, Rogaland og Hordaland. Rogaland og Hordaland vil ha ein svakare vekst i 2014 enn i 2013, høvesvis 700 og 1 100 færre enn året før. Det vil vere den lågaste veksten sidan høvesvis 2005 og 2007. Men og eit fylke som Østfold vil oppleve at veksten er meir beskjeden enn i dei seinare åra, 900 lågare enn førre året det vil seie den lågaste veksten sidan 2005. På den andre sida vil framfor alt Oslo ha ein sterkare vekst enn førre året, 13 400 mot 10 500. Det er den tredje sterkaste veksten nokosinne. Fylke som Vest-Agder, Møre og Romsdal samt Sør-Trøndelag vil sjå at veksten frå dei seinare åra er enno litt høgare i 2014. Sandnes og Stavanger veks med 3 100 samla (300 færre enn i 2013), Bergen med 3 100 (900 færre enn førre året), medan Trondheim veks med 3 000 (700 fleire enn i fjor).

Nordland hadde i åra 1995-2007 ein samla nedgang i folketalet på 6 400, men sidan 2008 har det vore ein vekst på 6 700. Finnmark har ei liknande utvikling, der gjekk folketalet i åra 1995-2007 ned med 4 200, medan det sidan 2008 har vakse med 3 300. I begge desse fylka er no folketalet like høgt som det var i slutten av 1990-talet.

Oslo, som i dei siste ti åra har hatt ein vekst i folketalet på 118 100 eller 22 prosent, hadde i alle dei 15 åra frå 1969 til 1984 ein nedgang i folketalet, med i alt 41 100, og det var ikkje før i 1995 – etter 12 nye år - at ein nådde den same folkemenga att, som ein hadde i 1969.

Om berekningane og om tolking av talaÅpne og lesLukk

Berekningane er utførte for heile landet, fylka og kommunane. Folkevekst og folkemengd er berekna ut frå dei folkeregisteropplysningane om fødslar, dødsfall og flyttingar som var komne inn før 1. desember 2014. For desember 2014 er det i kvar einskild kommune rekna med om lag tilsvarande endringar i folkemengda som i desember 2013. Dersom mønsteret for flyttingar, fødslar og dødsfall i desember 2014 skulle skilje seg svært frå mønsteret i desember året før, vil dei endelege tala for folkemengda 1. januar 2015 (og folketilveksten i 2014) avvike i samsvar med dei nye endringane.

For nokre kommunar vil difor berekna folketal 1. januar 2015 sjå ut som om ei utvikling er broten utan at det er tilfellet. Som regel vil dette gjelde små kommunar. Ein lyt difor, særleg for små kommunar, sjå på berekna tal som førebels informasjon.