Svak folkevekst

Publisert:

Liten innvandring og få barnefødslar ga ein låg folkevekst i 2. kvartal i år. Den moderate folkeveksten vi har sett dei to siste åra, held dermed fram.

Folketalet voks med 10 600 personar frå 1. til 2. kvartal i år, viser nye tal frå statistikken Folkemengde og befolkningsendringar. Totalt var vi 5 278 000 personar per 1. juli 2017. Så svak vekst har det ikkje vore i 2. kvartal sidan før 2006 då arbeidsinnvandringa skaut fart etter at EU utvida seg austover.

Figur 1

Figur 1. Fødselsoverskot, nettoinnflytting og folkevekst.  2. kvartal

Det innvandra 12 400 personar, og 15 100 born kom til verda i 2. kvartal. Samstundes utvandra 7 200 personar, og 9 700 døydde. Til saman ga dette ei nettoinnvandring på 5 200 personar og eit fødselsoverskot på 5 400. Så lite fødselsoverskot har vi ikkje sett i 2. kvartal sidan 2007. Likevel bidrog fødselsoverskotet i det siste kvartalet meir til folketilveksten enn nettoinnvandringa gjorde, og dét har ikkje skjedd i noko kvartal sidan perioden med stor innvandring tok til i 2006. Årsaka til dette er at nettoinnvandringa fall mykje meir enn fødselsoverskotet.

Fire fylke utan folketilvekst

Bortsett frå ein liten nedgang, eller nærmast status quo, i Oppland, Sogn og Fjordane, Troms og Finnmark var det folkevekst i alle fylka. Alle hadde netto innflytting frå utlandet, men eit større innanlands flyttetap førte til at fem fylke, blant dei Oslo, hadde eit netto flyttetap. Eit stort fødselsoverskot i hovudstaden vog like fullt opp for dette tapet, slik at folketalet i Oslo steig med 240 personar. Størst folkevekst var det i Akershus, Rogaland og Østfold med høvesvis 3 840, 1 020 og 990 fleire innbyggjarar i 2. kvartal. Alle fylka, bortsett frå Hedmark og Oppland, hadde fødselsoverskot.

Figur 2. Fødselsoverskot og nettoinnflytting. 2. kvartal 2017
Figur 2. Fødselsoverskot og nettoinnflytting. 2. kvartal 2017
Fødselsoverskot Nettoflytting
Finnmark Finnmárku 0.1 -0.1
Troms Romsa 0.5 -0.7
Nordland 0.4 0.5
Nord-Trøndelag 0.4 1.4
Sør-Trøndelag 1.2 -1.0
Møre og Romsdal 0.9 1.0
Sogn og Fjordane 0.5 -0.6
Hordaland 1.2 0.4
Rogaland 1.8 0.4
Vest-Agder 1.2 1.0
Aust-Agder 0.4 2.1
Telemark 0.1 1.4
Vestfold 0.4 2.9
Buskerud 0.8 1.7
Oppland -0.2 0.1
Hedmark -0.3 1.7
Oslo 2.4 -2.1
Akershus 1.3 5.0
Østfold 0.4 3.0
Heile landet 1.0 1.0

Redusert innvandring

Dei siste åra har nettoinnvandringa av statsborgarar frå Aust-Europa, som hovudsakeleg har innvandra på grunn av arbeid, minka, medan innvandringa frå land med konfliktar har auka. No ser vi at også innvandringa frå land med konfliktar minkar. Samanliknar vi med tal frå 2. kvartal 2016, er nettoinnvandringa frå Syria og Eritrea omtrent halvert. Nettoinnvandringa frå land som Afghanistan, Sudan og Somalia er også på veg ned. Frå land i Aust-Europa fortsett nettoinnvandringa å minke, medan trenden med at det stadig reiser fleire svenske statsborgarar enn det kjem hit, held fram.

Figur 3. Nettoinnvandring etter statsborgarskap. Utvalde land. 2. kvartal
Figur 3. Nettoinnvandring etter statsborgarskap. Utvalde land. 2. kvartal
2013 2014 2015 2016 2017
Syria 161 350 656 2926 1664
Eritrea 467 470 908 1102 495
Afghanistan 191 127 434 368 271
Polen 1459 1440 880 624 378
Litauen 784 679 327 198 263
Sverige -18 -78 -161 -271 -293

Opprydding i folkeregisteret påverkar utvandringstala

Meir enn ein tredel av utvandringane det siste året gjeld personar som Skattedirektoratet har gjort vedtak om å utvandre. Det er personar som ikkje lenger har opphaldsløyve, eller som har flytta frå landet for lengre tid sidan utan å melde frå.

Asylsøkjarar er ikkje med i denne statistikken

Asylsøkjarar som enno ikkje har fått opphaldsløyve i Noreg, vert ikkje registrerte som busette i folkeregisteret og er difor ikkje registrerte som innvandra. Ein må vente til Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått handsama søknadene deira før dei vert synlege i befolkningsstatistikken.

Kontakt