5358_om_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/ner/aar
5358_om
statistikk
2009-11-13T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
true

Eierskap og roller i næringslivet4. kvartal 2007

Innhold

Om statistikken

Definisjoner

Navn og emne

Navn: Eierskap og roller i næringslivet
Emne: Virksomheter, foretak og regnskap

Ansvarlig seksjon

Seksjon for regnskapsstatistikk

Definisjoner av viktige begrep og variabler

Føretak
I Standard for næringsgruppering (SN2002) er eit føretak definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ei viss grad har sjølvstendig avgjerdsmakt. I statistikken behandlast ei juridisk eining som eit føretak.

Bedrift
I SN2002 er bedrift definert som ei lokalt avgrensa funksjonell eining som hovudsakeleg driv med aktivitetar innanfor ei bestemt næringsgruppe.

Nye føretak
Som et nytt føretak i ei gitt periode reknast eit føretak registrert i ER med stiftelsesdato i denne perioden, dersom dei registrerte opplysningane tilseier at eininga skal drive næringsverksemd (sjå 3.1). Dersom stiftelsesdato ikkje er oppgitt, vert registreringsdato nytta.

Nyetablering
Nyetablering er nye føretak korrigert for eigarskifte. Det vil seie at nye føretak som overtar ei eksisterande verksemd ikkje vert rekna som ei nyetablering, men berre som eit nytt føretak.

Bestandstal
Bestandstala per 1. januar i statistikkåret (år t) inkluderar alle føretak med aktiv verksemd i inneverande år som er registrert per 1. januar.

Bestandstalet per utgangen av statistikkåret (1. januar i t+1) fastsetjast slik:

Bestandstal per 1. januar i år t

+ nye føretak i år t

- avgangar i år t

I tillegg justerast bestanden for 1. januar t+1 for sovande føretak i t-1 som har fått tilsette i løpet av t.

Organisasjonsform
Selskapsform i ER. Her skil ein bl.a. mellom enkeltpersonføretak (ENK), allmennaksjeselskap (ASA) og ansvarleg selskap (ANS).

Personleg eigde føretak
omfattar organisasjonsformene ENK, ANS og DA.

Ansvarlig selskap (ANS) og selskap med delt ansvar (DA)
må ha minst to eigarar, desse vert kalla høvesvis deltakar med solidarisk ansvar og deltakar med proratorisk ansvar. Deltakarane har personleg og økonomisk ansvar. I et ANS kan kvar deltakar krevjast for hele selskapets gjeld, men i eit DA vert kvar deltakar hefta for ein bestemt del av selskapets gjeld. Totalt er deltakarane ansvarlege for hele gjelda. Både fysiske og juridiske personar kan være deltakarar. Det er valfritt om ein skal ha styre og / eller daglig leiar eller ikkje. I tabellane er ANS og DA med berre juridiske personar (føretak) som deltakarar heldt utanfor. Det er rolleinformasjon om ikkje fråtredde roller som er inkludert i statistikken.

Enkeltpersonføretak (ENK)
må ha ein, og berre ein, innehavar. Innehavar er fullt personleg ansvarleg for hele verksemda, og må være ein fysisk person. Det er høve til å tilsette ein dagleg leiar som er ein annan enn innehavaren.

Allmennaksjeselskap (ASA) og aksjeselskap (AS)
I AS og ASA har ingen av eigarane personleg ansvar for selskapets skyldnad. Eigarane sitt ansvar for selskapets gjeld er avgrensa til aksjekapitalen. AS kan, til forskjell frå ASA ikkje ta opp aksjekapital frå allmennheita.

Alle allmennaksjeselskap (ASA) og aksjeselskap (AS) må ha styre. Styret skal som hovudregel minst bestå av tre medlemmer. I AS som har mindre enn tre millionar i aksjekapital kan styret bestå av eit eller to medlemmar pluss minst eit varamedlem. Alle ASA og AS med aksjekapital større enn tre millionar skal dessutan ha dagleg leiar.

Rolletype
De viktigaste rolletypane i denne statistikken er innehavar i ENK, deltakarar i ANS og DA, samt styreleiar og styremedlemmer i ASA.

Alder
er alder ved utgangen av statistikkåret.

Innvandrarar i Noreg
omfattar personar som er fødde i utlandet av to utanlandsfødde foreldre som på et tidspunkt har innvandra til Noreg. I tillegg inngår også norskfødde med innvandrararforeldrei statistikken. 

Standard for gruppering av personar med innvandringsbakgrunn
viser til ulike avgrensingar av personar med og utan innvandringsbakgrunn. 

Landbakgrunn
er for innvandrarare eiget fødeland. Personar utan innvandringsbakgrunn har berre Noreg som landbakgrunn. For norskfødde er dette foreldres eventuelle utanlanske fødeland.

Tilsette (Lønstakarar)
Talet på tilsette omfattar alle personar som arbeidar for arbeidsgjevaren meir enn fire timar i veka. Personar med meir enn eit arbeidsforhold vil kunne vere telt med som tilsett i fleire næringar. I bestandstala visast det til talet på tilsette på telletidspunktet.

Standard klassifikasjoner

Standard for næringsgruppering (SN2002)
Gjeldande Standard for næringsgruppering (SN2002) i Statistisk sentralbyrå, som byggjer på EUs standard NACE Rev.1. Denne finn ein i Databasen for standard kvalifikasjoner .

Norsk standard for utdanningsgruppering (NUS)
Utdanningane er gruppert etter Norsk standard for utdanningsgruppering (NUS) som første gang vart oppretta av SSB i 1970 og som sist vart oppdatert i 2000 (NUS2000).

Administrative opplysninger

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå og fylkesvis

Hyppighet og aktualitet

Frekvens: Årleg

Aktualitet: Første publisering var i 2004 og inneheldt statistikk for nyetableringar i 2003 og bestandstall per 1. januar 2004. Statistikken gir førebelse tal for bestanden i statistikkåret, medan endelege tal vil kome ved publisering året etter.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og anvendelse av grunnlagsmaterialet

Mikrodata, informasjon om utvalseiningar og populasjon vert lagra midlartidig i programspråket SAS og langtidslagrast som tekstfiler.

Bakgrunn

Formål og historie

Sidan einingane og strukturen i BoF inngår i dei fleste store og landsdekkande administrative datasystem som mellom anna NAV Aa-registeret, er det etablert ein eintydig samanheng mellom den enkelte tilsette og bedrifta/føretaket vedkomande arbeidar i. Vidare gir tilsettes fødselsnummer tilgang til relevante personopplysningar innanfor personstatistikksystemet, mellom anna befolknings- og utdanningsområdet. Rollene i Einingsregisteret gir tilsvarande knytingar til føretaksområdet gjennom organisasjonsnummer og personstatistikkens områder gjennom fødselsnummer.

Føremålet er å etablere eit statistikkgrunnlag basert på ulike datakjelder i SSB, som kan sette lys på nye sider ved næringslivet med bedrift/føretak som utgangspunkt og eining i statistikkane, men med fokus på rolleinnehavarane.

Den første publiseringa fokuserte på kvinner og innvandrarar i personleg eigde føretak og styrerepresentasjon i allmennaksjeselskapa (ASA). Grunngjevinga for berre å ta med ASA er at det er denne organisasjonsforma som lovforslaget om minimum 40 prosent av kvart kjønn gjeld for.

Statistikken er todelt og omfattar eigarskap og roller for bestandstall og nyregistreringar.

Brukere og bruksområder

Brukarar av statistikken er offentleg forvalting, forskingsmiljø, media og næringslivet. Sentrale brukarar blant departementa er Nærings- og handelsdepartementet (NHD), Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID), Kommunal- og regionaldepartementet (KRD), Barne- og likestillingsdepartementet (BFD), Institutt for samfunnsforsking (ISF) og Innovasjon Noreg.

Likebehandling av brukere

Ikke relevant

Sammenheng med annen statistikk

Nivåtala som vert presentert vil avvike frå talet på juridiske einingar i ER, og kan på næringsnivå avvike frå det som vert presentert i strukturstatistikkane. Avviket i forhold til ER skyldast i hovudsak at ER omfattar alle juridiske einingar, også dei som ikkje driver næringsverksemd, og at BoF gjennomfører mange kontrollar for å finne ut om eit føretak verkeleg er aktivt.

Ein vil også sjå at tala kan avvike frå den andre føretaksstatistikken til SSB. Årsaka til dette er at ein i statistikken som ser på eigarskap og roller ikkje tek med føretaka som berre har juridiske personar som eigarar eller som manglar rolleopplysningar.

Lovhjemmel

Ikkje relevant

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Føretaksstatistikken omfattar alle næringar etter Standard for næringsgruppering (SN2002) (sjå punkt 4.2) unntatt offentleg administrasjon og forsvar (næring 75). Primærnæringane (næring 01, 02 og 05) er også heldt utanfor.

Bestandstala per 1. januar i statistikkåret omfattar alle føretak innan organisasjonsformene enkeltpersonføretak (ENK), ansvarleg selskap (ANS) og selskap med delt ansvar (DA) med aktiv verksemd i Noreg. I tabellane er ANS og DA med berre juridiske personar (føretak) som deltakarar heldt utanfor oppteljingane, sidan formålet er å sjå på bakgrunnsvariable som kjønn og innvandringskategori for rolleinnehavarane. Det er rolleinformasjon om ikkje fråtredde roller som er inkludert i statistikken. Statistikken om allmennaksjeselskap (ASA) omfattar alle som var registrert i Einingsregisteret ved årsskiftet, uavhengig av aktivitet.

Statistikken er avgrensa i forhold til stats- og trygdeforvaltninga, fylkeskommunar, kommunar, det vil seie føretak med sektorkode 110 (stats- og trygdeforvaltning), 510 (kommunar) eller 550 (fylkeskommunar). Føretak innanfor denne delen av offentleg forvalting (administrasjon og tenesteyting) vil ikkje inngå i statistikken sjølv om dei formelt sett skulle drive verksemd som fell inn under næringane som er omfatta av statistikken. For næringar som kjenneteiknas av ei blanding av offentleg og privat tenesteyting, kan bestandstala synast mangelfulle då offentleg tenesteyting er heldt utanfor statistikken. Dette vil særleg gjelde kraft- og vassforsyning (næring 40 og 41), undervisning (næring 80) og helse- og sosiale tenester (næring 85).

Noregs Bank, statlege låneinstitutt, føretak innanfor statens forretningsdrift, statleg eigde føretak, statsføretak, kommunal forretningsdrift og sjølvstendige kommuneføretak, det vil seie føretak med sektorkoder 150, 190, 610, 630, 635, 660 og 680 er med i statistikken dersom de driv verksemd innan dei næringane som er dekka av statistikken. Det same gjeld i teorien føretak innanfor alle andre sektorar.

Datakilder og utvalg

Statistikken byggjer på Bedrifts- og føretaksregisteret (BoF), Rolleopplysningane i Einingsregisteret (ER), befolkningsstatistikksystemet (BeReg), og Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB). Tal på tilsette er henta frå Seksjon for arbeidsmarknad, og er basert på tal frå NAV Aa-registeret.

Bedrifts- og føretaksregisteret (BoF)
Det vert nytta data frå strukturstatistikkane og frå andre administrative register som meirverdiavgiftsdata, rekneskapsdata og sjølvmeldingsdata for sjølvstendige næringsdrivande for å avgrense omfanget i forhold til reelt sett opphøyrde føretak i høve til opplysningane vi får om føretak frå Brønnøysund-registera. Alle opplysningar om aktive føretak i denne statistikken vert henta frå Statistisk sentralbyrå sitt bedrifts- og føretaksregister. Sjå også Om statistikken til føretaksstatistikken.

Rolleopplysningane i Einingsregisteret (ER) gir ei oversikt over alle fysiske og juridiske personar som har roller i norsk næringsliv. De fysiske personane er registrert med fødselsnummer eller D-nummer, medan de juridiske personane er føretak som er registrert ved organisasjonsnummer. Ingen kan registrere eit føretak i ER utan også å registrere rolleinnehavarar. Det ver stilt ulike krav til rolleinnehavarar innanfor dei ulike organisasjonsformene. (Sjå 4.1).

Informasjon om den fysiske rolleinnehavaren i ER vert oppdatert løpande, og informasjon vert vaska mot data frå Det sentrale folkeregister kvart døgn.

BeReg byggjer på folkeregisteropplysningar. Sidan 1946 har det i den enkelte kommune vore eit lokalt folkeregister som skal registrere alle som er busett i kommunen i samsvar med lov om folkeregistrering og føreskrifter til lova. Folkeregisteret får melding om fødslar, dødsfall, giftarmål, skilsmisser, flyttingar, osv. frå ulike kjelder.

Befolkningas høgaste utdanning (BHU) og Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB)
Registeret over befolkningas høgaste utdanning vert no trekt direkte ut frå Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB). NUDB samlar all utdanningsstatistikk over avslutta og oppstarta utdanning frå skuleåret 1974/75 og BHU opplysningar frå 1970 inn i ei felles database. Grunnlaget for utrekket er busette i Noreg som er 16 år eller eldre per 1.10. det gjeldande år. Den utdanningsaktiviteten som har høgast nivå i Standard for utdanningsgruppering (NUS2000) som er registrert i NUDB gir status for BHU for den enkelte person. Ved fleire utdanningsaktivitetar vert først den utdanninga som har høgaste nivå i NUS2000 valt. Dersom nivået ikkje skil utdanningsaktivitetane, vert den utdanninga som har høgaste klassetrinn valt. Dersom klassetrinn ikkje skil utdanningsaktivitetane, vert utdanninga som ikkje har kode for allment fagfelt i NUS2000 valt. Om fagfelt heller ikkje kan skilje mellom utdanningsaktivitetane, vert utdanninga med den nyaste avslutningsdatoen valt. Dersom avslutningsdato ikkje skil utdanninga, vert det tilfeldig valt. Jamfør Om statistikken om utdanningsnivå.

Det vert ikkje nytta utval i denne statistikken.

Datainnsamling, editering og beregninger

Statistikken byggjer på administrative data, og allereie føreliggjande statistikkbasar og statistikkregister.

BoF er per i dag et heildekkande og kvalitetssikra register med omsyn til omfang og grunndata.

Populasjonen av aktive føretak vert kvalitetssikra mellom anna gjennom direkte kontakt med einingar i høve til datafangsten til strukturstatistikkane og gjennom kopling mot administrative register i Overvakingssystemet for bedrifter i BoF (Sjå 3.2).

Det føregår ei løpande kvalitetssikring av næringskoda til bedrifter og føretak i BoF. Kvalitetssikringa føregår mellom anna gjennom kontakt med føretaka i SSB sine strukturundersøkingar, gjennom andre administrative kjelder som Rikstrygdeverket sin årskontroll, og gjennom direkte kontakt med føretaka på annan måte. Vidare ved hjelp av meldingar om føremålsendringar til ER.

Ikkje relevant

Sesongjustering

Ikke relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Sammenlignbarhet over tid og sted

Statistikken vert publisert årleg slik at resultatet kan samanliknast frå år til år. Og i statistikkbanken vil ein finne resultat på fylkesnivå.

Nøyaktighet og pålitelighet

Feilkilder og usikkerhet

Føretaksdata 

Statistikken baserar seg på statistiske og administrative kjelder. Fleire administrative register er sentrale i arbeidet med oppdateringa av BoF og vert nytta både til å definere populasjonen og til å hente inn kjennemerke og opplysningar. ER i Brønnøysund, Momsregisteret og NAV Aa-registeret vert nytta til å hente inn opplysningar om einingane. Dette gir grunnlag for registerfeil som kan påverke uvissa i statistikken.

Ei muleg feilkjelde er forelda opplysningar som følgje av etterslep i registreringane. Slike etterslep skyldast det faktum at endringar ofte vert registrert noko tid etter at dei har hendt. Konsekvensen er at registrera ikkje er fullstendig oppdatert til ei kvar tid, noko som kan føre til at forelda opplysningar vert nytta som datagrunnlag i statistikken.

Opphør av verksemder vert normalt registrert i etterkant, ut frå tilbakemeldingar i samband med datafangsten til strukturstatistikkane eller ved kopling mot administrative register. Dette kan bety at bestandstala er noko høge ved første publisering. Også nyregistreringar skjer i nokon tilfelle i etterkant.

I samband med nyregistreringar skal oppgåvegjevar opplyse om dette er ei ny verksemd eller et eigarskifte. Der slike opplysningar manglar vert det gjennomført dublettkontroll mot eksisterande føretak for å identifisere eventuelle eigarskifte. Alle eigarskifte vert ikkje fanga opp i desse rutinane, og talet pål nyetableringar reknast å være noko for høgt sett i samband med talet på nyregistreringar. Vidare er det mange nye føretak som ikkje startar opp nokon verksemd.

Befolkningsdata
Kvaliteten på datagrunnlaget frå Det sentrale folkeregister er generelt svært god for statistiske føremål. Eit relevant ankepunkt er likevel forsinka meldingar. Forsinka meldingar kan føre til at hendingar vert registrerte og telt med i feil kalenderår. Dette vert mindre problematisk nå ein legg saman tal for fleire år.

Det sentrale folkeregisteret består av personar som har norsk personnummer, og personar med D-nummer. Enkelte av personane med D-nummer er personar som bur i utlandet, men som jobbar i Noreg. Desse vil ikkje få anna enn et D-nummer, mens personar som flyttar til Noreg etter kvart vil få norsk personnummer. Det kan derfor være vanskeleg å skilje mellom innvandrarar som har flytta til Noreg og personar som bur i utlandet. Eit anna problem kan vere personar som får endra personnummer som følgje av nye opplysningar om fødselsdato, etc.

Utdanningsdata
Utdanningsdata omfattar personar busett i Noreg der det er registrert utdanning teken i Noreg.

Revisjon

Ikke relevant