16315_om_not-searchable
/valg/statistikker/sametingsvalg/hvert-4-aar
16315_om
statistikk
2017-10-31T08:00:00.000Z
Valg
no
true

Sametingsvalet11. september 2017

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Sametingsvalet
Emne: Valg

Ansvarleg seksjon

Seksjon for befolkningsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Kven kan røysta ved sametingsvalet? For å kunne røysta ved sametingsvalet, må ein registrera seg i sametinget sitt valmanntal. Alle samar frå Noreg som er over 18 år eller fyller 18 år i valåret, har rett til å registrere seg i sametinget sitt valmanntal. Alle som avgjer erklæring om at dei oppfattar seg sjølv som same, og som anten a) har samisk som heimespråk, eller b) har eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforeldre med samisk som heimespråk, eller c) er barn av person som står eller har stått i manntalet kan krevje seg innført i samemanntalet. Samar som er statsborgarar i andre nordiske land kan registrere seg i samemanntalet dersom dei 30. juni i valåret står innført i folkeregisteret som busette i Noreg. Samar som ikkje er frå eit nordisk land, kan registrere seg i sametinget sitt valmanntal dersom dei har stått innført i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen. Sametinget sitt valmanntal er knytt opp mot folkeregisteret. Det er den folkeregistrerte adressa 30. juni i valåret som vert registrert i sametinget sitt valmanntal, og som vert nytta ved sametingsvalet.

7 valkrinsar og 39 representantar Ved sametingsval er landet delt inn i 7 valkrinsar. Det er vald inn totalt 39 representantar frå dei 7 ulike valkrinsane. Dette er fire færre i høve til for fire år sidan.

Standard klassifikasjonar

Valkrinsar ved sametingsval er gruppert på fylgjande måte: 2009 1. Østre valkrins. 2 Àvjovàri valkrins. 3 Nordre Valkrins. 4. Gàisi valkrins. 5. Vesthavet valkrins. 6. Sørsamisk valkrins. 7. Sør-Noreg valkrins. 2005 1 Varanger 2 Tana 3 Karasjok 4 Kautokeino 5 Porsanger 6 Alta/Kvalsund 7 Nord-Troms 8 Midt-Troms 9 Sør-Troms 10 Nordre Nordland 11 Midtre Nordland 12 Sørsameområdet 13 Sør-Noreg

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Tabellane fordelar seg på 7 sametingsvalkrinsar.

Kor ofte og aktualitet

Kvart fjerde år (valår)

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Statistikkfila vert langtidslagra i SSB samt hjå NSD - Norsk senter for forskningsdata til forskningsføremål.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet er å laga offisiell statistikk frå sametingsvalet. Den fyrste offisielle statistikken over sametingsval vart publisert i 2005.

Brukarar og bruksområde

Dei politiske partia er flittige brukarar av statistikken, likeeins journalister. Statistikken vert òg nytta av departementa for å rekna ut partistønad, og av kommunar og fylkeskommunar. Særskild studentar, som studerar statsvitskap, og valforskarer er andre brukergrupper. Statistikk fra sametingsval vert òg etterspurd frå journalistar, forskarar og studentar i andre land.

Likebehandling av brukere

Ikkje relevant

Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant

Lovheimel

Samevalførskrifta § 85.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar resultat frå valet i alle kommunar som har registrert personar som står oppførd i sametinget sitt valmanntal. Det vert henta inn tall for personar med røysterett, kor mange som røysta både på førehand (for kommunar som har under 30 røysteføre er det berre førhandsrøystegjeving) og valting, vraka røyster og kor mange godkjende røyster som ble gjevne på dei einskilde partia. Fordeling av mandat etter parti og valkrins.

Datakjelder og utval

Ved valet i 2005 fekk SSB datagrunnlaget frå Ergo Group. Frå og med Sametingsvalet 2009, internett-skjema som vert sendt inn frå dei 7 samiske valkrinsane direkte til SSB.

Totalteljing

Datainnsamling, editering og beregninger

Dei sju samiske valkrinsane sender inn alle valdata via eit internettskjema direkte til SSB .

Maskinelle kontrollar ved registrering av tal, hovudsakeleg sumkontrollar og logiske samanhengar.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

SSB publiserte statistikk for sametingsvalet for fyrste gang i 2005.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Mengda avgjevne og vraka røyster er i einskilde kommunar usikre. Dette skuldast ugrannsemd ved føring av valbok og feil i avkryssningsmanntalet. Misoppfattingar vedrørande omgrepa vraka røystegjevingar/vraka røyster førekjem. Ei vraka røystegjeving framkjem ved at ein person møtar opp, men får av ulike årsaker ikkje si røystegjeving godkjend. Då skal det heller ikkje verta kryssa av i manntalet og mengda slike røyster skal normalt ikkje takast med i statistikken. Det vert jamvel protokollert og i nokre høve på feil plass under vraka røyster (røystesetlar). Ved revidering må avgjevne og vraka røyster i nokre høve verta justert/retta etter skjønn der kommunane ikkje klårar å finna ut av feila.

Revisjon

Ikkje relevant