16321_not-searchable
/valg/statistikker/sametingsvalg/arkiv
16321
Lågare valdeltaking, rekord av førehandsrøyster
statistikk
2009-10-28T10:00:00.000Z
Valg
no
sametingsvalg, Sametingsvalet, valresultat, valdeltaking, politiske parti, vallister, personar med røysterett, førehandsrøyster, valtingsrøyster, godkjende røyster, mandatfordeling, sametingsrepresentantarSametingsvalg, Valg
false

Sametingsvalet2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare valdeltaking, rekord av førehandsrøyster

Valdeltakinga ved årets sametingsval var på 69,3 prosent, noko som er ein nedgang på 3,3 prosentpoeng i høve til 2005. Heile 40 prosent av dei godkjende røystene vart avgjevne på førehand.

Sametingsvalet 2009. Røyster på utvalde parti.

Sametingsvalet 2009. Røyster på førehand/valting

Valdeltakinga ved sametingsvalet var 69,3 prosent. Dette er ikring 7 prosentpoeng lågare i høve til stortingsvalet i år. Flest frammøtte var det i dei to nordligaste valkrinsane. Østre valkrins hadde ei deltaking på 77,9 prosent, deretter fylgde Ávjovári valkrins med 74,9 prosent. Lågast valdeltaking var det i Sør-Noreg valkrins med 54,3 prosent, noko som er ein attendegang på 12,5 prosentpoeng sidan 2005. Skilnaden mellom høgaste og lågaste valdeltaking i dei sju ulike valkrinsane er på heile 23,6 prosentpoeng.

40 prosent av røystene avgjeve på førehand

Det var ikring 15 prosent fleire førehandsrøyster ved årets val i høve til for fire år sidan. Flest førehandsrøyster var det i dei to sørlegaste valkrinsane, med høvesvis 66 og 71 prosent avgjevne førehandsrøyster. Valordninga til sametinget gjer at alle kommunar som har under 30 registrerte i sametingets valmanntal berre kan røysta på førehand. Dette er medverkande til den høge mengda førehandsrøyster.

Arbeidarpartiet framleis største parti

Arbeidarpartiet er som sist det største partiet, medan nedgangen til Norske Samers Riksforbund (NSR) heldt fram. Vallista Árja får kvar tiande røyst totalt og har kvar femte veljar bak seg i Ávjovári valkrins. Framstegspartiet får inn tre representantar i Sametinget.

Arbeidarpartiet og NSR fekk saman 48 prosent av alle godkjente røystene, noko som er ein reduksjon på 10 prosent i høvet til valet for fire år sidan. Arbeidarpartiet oppnådde 14 mandat og NSR 11. Til saman fekk dei to partia 25 mandatar av 39 moglege, noko som tilsvarar 64 prosent av alle representantane i Sametinget.

Sametingsvalet 2009. Røyster gjevne til Arbeidarpartiet, etter valkrins. Prosent

Sametingsvalet 2009. Røyster gjevne til NSR (Norske Samers Riksforbund), etter valkrins. Prosent

Det er store geografiske skilnader, og det er ingen parti som har jamn oppslutnad i dei sju valkrinsane. Arbeidarpartiet er klårt største partiet i to valkrinsar, medan NSR har nær halvdelen av røystene i Vesthavet valkrins. Den største oppslutnaden i Ávjovári valkrins har Árja.

Framleis høg kvinnerepresentasjon

19 kvinner vart i år valde inn i Sametinget, noko som utgjer 49 prosent av representantane. Flest kvinner har NSR med 55 prosent og Arbeidarpartiet med 50 prosent.

Ávjovári i valkrins med flest røyster per mandat

For kvar sametingsrepresentant var det i gjennomsnitt avgjeve 242 røyster. Det var flest røyster per representant i Ávjovári valkrins med 294, deretter kom Østre valkrins med 281. Færrast røyster per representant hadde Vesthavet og Sørsamisk valkrins med 183.

Det var 13 890 personar med røysterett ved årets sametingsval. Dette er 1 350 fleire i høve til 2005 valet. Største valkrins er Ávjovári der 3 560 har røysterett, medan den minste er Sørsamisk valkrins med 884 røysteføre.

7 valkrinsar og 39 representantar

Ved dette sametingsvalet har det vore ei omfattande endring i valkrinsar og mandatfordeling. Landet er delt inn i sju valkrinsar, mot 13 valkrinsar ved tidlegare val. Det er 39 representantar som skal veljast inn i Sametinget, dette er fire færre i høve til valet for fire år sidan. Valkrinsane varierar frå nokre kommunar til å omfatta fleire fylke (Sør-Noreg).

Tabeller: