16319_not-searchable
/valg/statistikker/sametingsvalg/arkiv
16319
Kvinnefleirtal i Sametinget
statistikk
2005-12-19T10:00:00.000Z
Valg
no
sametingsvalg, Sametingsvalet, valresultat, valdeltaking, politiske parti, vallister, personar med røysterett, førehandsrøyster, valtingsrøyster, godkjende røyster, mandatfordeling, sametingsrepresentantarSametingsvalg, Valg
false

Sametingsvalet2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kvinnefleirtal i Sametinget

For første gong er det kvinneleg fleirtal i Sametinget. Valdeltakinga ved årets sametingsval, det femte i rekkja, var på 72,6 prosent. Kvar fjerde godkjente røyst vart avgjeven på førehand. Arbeidarpartiet vart for første gong størst parti.

22 kvinner vart i år vald inn i Sametinget, noko som utgjer 51 prosent av representantane. Av Norske Samers Riksforbund (NSR) sine 16 representantar er ti kvinner, det gjev ein kvinnerepresentasjon på 62,5 prosent, noko som er særs høgt. Arbeidarpartiet har ein kvinnerepresentasjon på 44 prosent.

Sametingsvalet 2005. Røyster på utvalde parti. Prosent

Sametingsvalet 2005. Røyster på førehand/valting. Prosent

Flest deltok i Varanger

Valdeltakinga ved sametingsvalet i 2005 var 72,6 prosent, noko som er knapt 5 prosent lågare i høve til stortingsvalet i år. Høgast valdeltaking var det i Varanger valkrins med 79,1 prosent, deretter følgde Karasjok med 78,0 prosent og Midtre-Nordland med 75,3 prosent. Lågast valdeltaking var det i Sør-Noreg valkrins med 66,8 prosent, nest lågast valdeltaking hadde Nordre Nordland med 68,6 prosent, tett følgd av Porsanger med 68,9 prosent. Skilnaden mellom høgaste og lågaste valdeltaking i dei ulike valkrinsane var 12,3 prosent.

Kvar fjerde røyst avgjeven på førehand

Kvar fjerde godkjente røyst ved sametingsvalet vart avgjeven på førehand. Av dei godkjente røystene ved sametingsvalet vart 17,8 prosent gjevne på førehand. Flest førehandsrøyster var det i Sør-Same-valkrinsen med 38 prosent. Valkrinsane Kautokeino, Midtre-Nordland og Sør-Noreg hadde alle over 31 prosent førehandsrøyster.

Arbeidarpartiet størst

Arbeidarpartiet er for fyste gong det største partiet når det gjeld reine partilister. NSR heldt fram med nedgangen og var for første gong ikkje det største partiet, korkje i oppslutnad eller mandat. Arbeidarpartiet og NSR fekk 58 prosent av alle godkjente røystene. Arbeidarpartiet oppnådde 18 mandat og NSR 16 mandat. Til saman fekk dei to partia 34 mandat av 43 moglege, som tilsvarer 79 prosent av alle representantane i Sametinget. Dette gjev ei mykje større mandatutteljing i høve til røystetal.

Sametingsvalet 2005. Røyster gjevne til Arbeidarpartiet, etter valkrins. Prosent

Sametingsvalet 2005. Røyster gjevne til NSR (Norske Samers Riksforbund), etter valkrins. Prosent

Det er store geografiske skilnader knytte til veljaråtferda hjå dei røysteføre. Arbeidarpartiet har nær ein tredjedel av den totale mengda røyster og står sterkast i dei nordlegaste områda, unnateke Kautokeino. Partiet er størst i valkrinsane Varanger, Tana, Karasjok, Porsanger, Alta/Kvalsund og Nord-Troms. NSR oppnådde drygt kvar fjerde røyst og står sterkast i dei sørlege samiske områda. Partiet er størst i frå Midt-Troms og sørover.

Det er berre Arbeidarpartiet og Senterpartiet som stiller reine partilister i alle valdistrikta. NSR stiller vallister i alle valkrinsane unnateke Varanger og Tana. Elles er sametingsvalet prega av mange lokale partier som berre stiller liste i einskilde valkrinsar.

Kautokeino med flest røyster per mandat

For kvar sametingsrepresentant var det i gjennomsnitt avgjeve 208 røyster. Det var flest røyster per representant i Kautokeino med 277, deretter kom valkrinsane Karasjok og Tana med høvesvis 253 og 250. Færrast røyster per representant hadde Nordre-Nordland valkrins med 63.

Det var 12 538 personar med røysterett ved årets sametingsval. Dette er 2 600 fleire i høve til 2001-valet. 46,1 prosent av dei røysteføre er kvinner. Største valkrins er Kautokeino, minste er Nordre-Nordland.

Kven kan røysta ved sametingsvalet?

For å kunne røysta ved sametingsvalet, må ein registrera seg i samemanntalet. Alle samer frå Noreg som er over 18 år eller fyller 18 år i valåret, har rett til å registrere seg i samemanntalet.

Alle som avgjev erklæring om at dei oppfattar seg sjølv som same, og som anten

a) har samisk som heimespråk, eller

b) har eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som heimespråk, eller

c) er barn av person som står eller har stått i manntalet

kan krevje seg innført i samemanntalet.

Samar som er statsborgarar i andre nordiske land kan registrere seg i samemanntalet dersom dei 31. mai i valåret står innført i folkeregisteret som busette i Noreg.

Samar som ikkje er frå eit nordisk land, kan registrere seg i samemanntalet dersom dei har stått innført i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen.

Samemanntalet er knytt opp mot folkeregisteret. Det er den folkeregistrerte adressa 31. mai i valåret som vert registrert i samemanntalet, og som vert nytta ved sametingsvalet.

13 valkrinsar og 43 representantar

Ved sametingsval er landet delt inn i 13 valkrinsar. Det vert vald tre og fire representantar med vara frå kvar av de 13 valkrinsane. Valkrinsane varierer frå éin kommune (Karasjok og Kautokeino) til å omfatta fleire fylke (Sør-Noreg).

Det er vald inn totalt 43 representantantar frå dei 13 ulike valkrinsane. Dette er fire fleire i høve til for fire år sidan. Valkrinsane Karasjok, Kautokeino, Alta/Kvalsund og Sør-Noreg har alle fått auka representanttalet med ein.

Tabeller: