85120_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/ufats/arkiv
85120
Flest norskkontrollerte føretak i Sverige
statistikk
2012-06-21T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi;Virksomheter, foretak og regnskap
no
ufats, Norske dotterselskap i utlandet, næringsinndeling (for eksempel industri, byggje- og anleggsverksemd, transport …), omsetting, sysselsetting, landinndeling.Fordringer og gjeld overfor utlandet , Virksomheter og foretak, Utenriksøkonomi, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Norske dotterselskap i utlandet2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Flest norskkontrollerte føretak i Sverige

Norskkontrollerte føretak i utlandet var i stor grad lokaliserte i europeiske land i 2010. Sverige var det viktigaste enkeltlandet og den største næringa var industri.

Sysselsette, etter landgruppe. 2010

Totalt var det 2 989 norskkontrollerte føretak i utlandet i 2010. Desse føretaka sysselsette 234 000 personar og hadde ein omsetnad på totalt 740 milliardar kroner.

Statistikken viser at 1 978, eller 66 prosent, av dei norskkontrollerte føretaka i utlandet var lokaliserte innanfor EU. Desse omsette for 449 milliardar kroner og sysselsette 135 000 personar i 2010. Sverige var det viktigaste enkeltlandet med 629 norskkontrollerte føretak. Norske føretak sysselsette 41 000 personar og omsette for 137 milliardar kroner i Sverige. Ser ein på omsetnad og sysselsetjing følgjer USA og Danmark som viktigaste land.

Industri var næringa med flest norske føretak i utlandet. I denne næringa finn ein 932 norskkontrollerte føretak. Desse føretaka sysselsette 104 000 personar og hadde ein omsetnad på 339 milliardar kroner. Avhengig av om ein ser på omsetnad eller sysselsetjing, følgjer høvesvis varehandel og informasjon og kommunikasjon som dei viktigaste næringane.

Statistikken viser utanlandskontrollerte føretaks aktivitetar i eit land. Eit utanlandsk føretak er norskkontrollert når eit føretak eller ei anna økonomisk eining i Noreg eig meir enn 50 prosent (direkte eller indirekte). Dei utanlandske føretaka har Noreg som ultimat eigarland. Ultimat eigarland er landet der det "siste" føretaket i eigarkjeda, det vil seie som ikkje er kontrollert av eit anna føretak, ligg.

Sjå også statistikk over statistikk over utanlandskontrollerte føretak i Noreg .

Statistikken dekkjer eit utval av norskkontrollerte føretak i utlandet. Det er berre aktive føretak som er med i populasjonen. Utvalet dekkjer dei største føretaka (cut-off utval). Storleiken på utvalet har auka sidan det første året det vart samla inn tal for (2008), men dei aller største føretaka har vore med sidan starten.

Tabeller: