Innhald
Om statistikken
Omgrep
-
Namn og emne
-
Namn: Norske dotterselskap i utlandet
Emne: Utenriksøkonomi
-
Neste publisering
-
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for finansregnskap
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Norske dotterselskap i utlandet
Eit norsk dotterselskap i utlandet er definert som eit føretak i utlandet som er kontrollert av eit føretak eller ein annan økonomisk eining i Noreg gjennom ein eigarpart på over 50 prosent.
Føretak
Etter Standard for næringsgruppering (SN2007) er eit føretak definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ein viss grad har sjølvstendig avgjerdsmyndigheit. I statistikken vert ein juridisk eining behandla som eit føretak. Eksemplar på juridiske einingar er aksjeføretak, ansvarleg føretak og enkeltpersonføretak. Berre aktive føretak, med omsetning og/eller sysselsette, er med i populasjonen.
Sysselsette
Med sysselsette meiner ein summen av eigarar og lønnstakarar som arbeider i føretaket. Personar med meir enn eitt arbeidsforhold kan verte telte med som sysselsette i fleire næringar. Sysselsettingstala viser eit gjennomsnitt av talet på sysselsette i løpet av året.
Omsetning
Omsetning er definert som føretaket sine driftsinntekter fråtrekt offentlege tilskot og gevinst ved sal av anleggsmidlar. Skattar og avgifter er inkluderte, meirverdiavgift er ikkje inkludert.
Ultimate eigerland
Ultimate eigerland er landet der det "siste" føretaket eller personen i eigerkjeda ligg/er bosatt, det vil seie føretak som ikkje er kontrollerte av eit anna føretak, eller siste person i eigerkjeda.
-
Standard klassifikasjonar
-
Næringsgrupperinga er i samsvar med norsk Standard for næringsgruppering (SN2007), som byggjer på EUs næringsstandard NACE rev. 2 og FNs næringsstandard ISIC Rev. 3.