41248_om_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/ufats/aar
41248_om
statistikk
2019-02-20T08:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
true

Norske dotterselskap i utlandet2017

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Norske dotterselskap i utlandet
Emne: Utenriksøkonomi

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for finansregnskap

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Norske dotterselskap i utlandet

Eit norsk dotterselskap i utlandet er definert som eit føretak i utlandet som er kontrollert av eit føretak eller ein annan økonomisk eining i Noreg gjennom ein eigarpart på over 50 prosent.

Føretak

Etter Standard for næringsgruppering (SN2007) er eit føretak definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ein viss grad har sjølvstendig avgjerdsmyndigheit. I statistikken vert ein juridisk eining behandla som eit føretak. Eksemplar på juridiske einingar er aksjeføretak, ansvarleg føretak og enkeltpersonføretak. Berre aktive føretak, med omsetning og/eller sysselsette, er med i populasjonen. 

Sysselsette

Med sysselsette meiner ein summen av eigarar og lønnstakarar som arbeider i føretaket. Personar med meir enn eitt arbeidsforhold kan verte telte med som sysselsette i fleire næringar. Sysselsettingstala viser eit gjennomsnitt av talet på sysselsette i løpet av året. 

Omsetning

Omsetning er definert som føretaket sine driftsinntekter fråtrekt offentlege tilskot og gevinst ved sal av anleggsmidlar. Skattar og avgifter er inkluderte, meirverdiavgift er ikkje inkludert.

Standard klassifikasjonar

Næringsgrupperinga er i samsvar med norsk Standard for næringsgruppering (SN2007), som byggjer på EUs næringsstandard NACE rev. 2 og FNs næringsstandard ISIC Rev. 3.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå. Utlandet er landfordelt.

Kor ofte og aktualitet

Statistikken vert publisert årleg, innan 20 månader etter referanseåret.

Internasjonal rapportering

Rapportering til Eurostat og OECD.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Rådata og reviderte mikrodata er lagra i samsvar med SSB sin standard for arkivering av filer (DataDok). Mikrodata er lagra for dei same periodane som dei publiserte data på SSB sine internettsider, og er tilgjengeleg til forskingsføremål etter SSB sine reglar for utlevering av data til slike føremål.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet er å gi ei samla oversikt over norske dotterselskap si økonomiske aktivitet i utlandet. Statistikken er internasjonalt kjend fom Foreign Affliatetes Statistics (FATS). den vert i kortform heretter kalla "utgåande FATS".

I Noreg blei tal for utgåande FATS samla inn for første gang i 2008.

Brukarar og bruksområde

Tal for norske dotterselskap si aktivitet i utlandet vert nytta til mellom anna måling av graden av globalisering, internasjonale handelsforhandlingar og økonomisk forsking. Brukarar er myndigheiter, næringslivet, ambassadar, utdannings- og forskingsinstitusjonar med fleire. Dessutan vert data rapportert til Eurostat og OECD, i tråd med pliktar høve til EØS-avtalen og andre internasjonale avtaler. 

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Statistikk som ligg innanfor same område som utgåande FATS og eigarinteressene, er statistikk over norske direkteinvesteringar i utlandet (DI). Statistikken over norske direkteinvesteringar i utlandet sine behaldningar syner fordringar overfor utlandet i form av norskeigd aksjekapital og annan kapital knytt til direkteinvesteringar. Den seier lite om korleis norske eigarinteresser i utlandet påverkar økonomien i dei landa ein har investert i. FATS-statistikken gjer oss i større grad i stand til å beskrive denne påverknaden, og denne statistikken er ein naturleg vidareføring av Statistisk sentralbyrås eksisterande statistikk på globaliseringsfeltet.

Statistikk for utanlandske dotterselskap i Noreg (inngåande FATS) viser tilsvarande forhold der utlendingar kontrollerer norske føretak. Statistikken byggjer på tilsvarande internasjonale krav som utgåande FATS.

Lovheimel

Statistikklova § 2-2 og § 3-2 ligg til grunn for SSB si innhenting av data frå rapportørane.

EØS-referanse

Europaparlaments- og rådsforordning (EØF) nr. 716/2007 av 20.juni 2007 om Fellesskapet sin statistikk om strukturen og aktiviteten til utanlandskontrollerte føretak (FATS-forordningen).

Statistikken vert utarbeida i tråd med anbefalingar frå Eurostat, nedfelt i "Recommendations manual on the Production of Foreign Affiliates Statistics".

Produksjon

Omfang

Statistikken dekkjer norske dotterselskap i utlandet, det vil seie dotterselskap som vert kontrollerte anten direkte eller indirekte av eit føretak i Noreg. Sjå punkt under "omgrep" for nærmare definisjon av norske dotterselskap. Berre aktive føretak, med omsetning eller sysselsette, er med i populasjonen. Statistikken omfattar i prinsippet alle norske institusjonelle sektorar, men ikkje-finansielle føretak er i denne samanhengen den viktigaste sektoren.

Datakjelder og utval

Grunnlaget for statistikken er SSB si eiga innsamling av rapportar i utlandet, som er ei felles innsamling med norske direkte investeringar i utlandet (DI). Rapportane gir informasjon om dei utanlandske føretaka som det norske føretaket eig, med rekneskapsinformasjon om omsetning og sysselsette. I tillegg nyttar ein informasjon i årsrekneskapane som er sende inn til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund og frå presse, internett og liknande, for å kartleggje endringar i investeringar i utlandet og til å kartleggje ultimat eigarland (landet der det "siste" føretaket i eigarkjeda ligg, det vil seie føretak som ikkje er kontrollerte av eit anna føretak).

Utvalet dekkjer dei største føretaka (Cut-off utval) og berre aktive føretak er med i populasjonen. Storleiken på utvalet har auka sidan det første året det vart samla inn tal for (2008). Dei aller største føretaka har vore med heile tida.

Datainnsamling, editering og beregninger

Statistikk over aktiviteten til norske dotterselskap i utlandet byggjer på SSB si innsamling av opplysningar om investeringar i utlandet. Statistikkgrunnlaget vert samla inn saman med informasjon til statistikk over norske direkteinvesteringar i utlandet (utgåande DI).

Dei innsamla data vert i stor grad kontrollerte mot fjorårstal og informasjon frå årsrekneskapane sende inn til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund. For dei førataka som er med i undersøkinga gjer ein kontroll av eigarskapet gjennom å nytte informasjon frå rekneskapar og føretaka sine heimesider og liknande om dei ultimate eigarlanda til føretaka. Berre dei som har Noreg som ultimat eigarland (det vil seie eit norsk dotterselskap) er med i denne statistikken.

Ein har så langt ikkje etablert metodar for oppblåsing til populasjonsnivå for tal på føretak, omsetning og sysselsette i utlandet.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Tal vert ikkje offentleggjorde dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, og dette fører med seg fare for identifisering, det vil seie at tala kan førast attende til oppgåvegjevaren. Det same gjeld også ved fleire enn tre førekomstar dersom ein oppgåvegjevar er så stor at han kan bli identifisert.

Samanlikningar over tid og stad

Utvalet av føretaket i statistikken har vorte større sidan starten i 2008, og dette kan påverka samanlikning av resultata over tid, særleg for nivåtal.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Kvaliteten på statistikken vert påverka av registreringsgrunnlaget for datainnsamling og kvaliteten på data som vert innrapporterte. Oppgåvegjevaren kan fylle ut skjemaet feil, og SSB si behandling av data i samband med innregistrering kan føre til feil. Feil i denne samanhengen kan være bruk av feilaktig skala, til dømes kroner i staden for tusen kroner.

Statistikk over aktivitenten til norske dotterselskap i utlandet byggjer på Statistisk sentralbyrå si eiga innsamling. Ein både purrar og gir tvangsmulkt etter dei reglane som gjeld i statistikklova. Det kan hende at nokre einingar lar vere å overhalde rapporteringsplikta, men alle viktige einingar er med i statistikken.

Det finst nokon svakheiter med omsyn til populasjonsoppdatering og utvalstrekking. For å sikre høg grad av relevans til lågast mogleg kostnad, legg ein stor vekt på å dekkje store einingar i populasjonen målt ved storleiken på variablane som skal rapporterast. Foreløpig er det ikkje gjennomførd uttrekningar av utvalsfeilen for undersøkinga. Utvalstrekkinga føreset i utgangspunktet at sjølve populasjonen omfattar dei aller fleste einingane som har økonomiske fordringar og gjeld mot utlandet. Det finst så langt inga samla oversikt over føretak som har slike mellomværande, og i praksis vil det difor vere vanskeleg å fange opp alle relevante einingar ved utgangen av den einskilde rapporteringsperioden.

Revisjon

Ikkje relevant

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB