22529_om_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/intrevm/maaned-endelige
22529_om
statistikk
2019-05-21T08:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
false

Internasjonale reservar og valutalikviditetapril 2019, endelege tal

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Internasjonale reservar og valutalikviditet
Emne: Utenriksøkonomi

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for finansielle foretak

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Noregs Bank: Sentralbanken i Noreg har mellom anna rådgjevande, utøvande og kontrollerande funksjonar knytte til valuta-, penge- og kredittpolitikken.

NBIM: Noregs Bank Investment Management. NBIM forvaltar utanlandsformuen til Statens pensjonsfond, hovuddelen av Noregs Bank sine valutareservar og Statens petroleumsforsikringsfond. NBIM investerer i internasjonale aksjar, obligasjonar, pengemarknadsinstrument og derivat.

Balanserekneskapen: Balansen viser eigendelar, gjeld og eigenkapital ved utgangen av rekneskapsåret.

Internasjonale reservar: Likvide valutafordringar på utlandet under kontroll av pengepolitiske myndigheiter.

Valutalikviditet: (1) Likvide valutaressursar (internasjonale reservar og andre reservar) under myndigheitene sin kontroll. (2) Faktiske og moglege framtidige netto valutastraumar som påverkar desse valutaressursane på bakgrunn av kortsiktig valutagjeld og aktivitetar utanom balansen. Myndigheitene sin valutalikviditetsposisjon blir fastsett av mengda likvide valutaressursar som er til disposisjon etter at det er teke omsyn til faktiske og potensielle netto straumar på desse ressursane.

Framtidige kortsiktige forpliktingar: Netto valutastraumar som følgje av myndigheitene sin finansielle aktivitet vis-a-vis inn- og utlendingar dei neste 12 månadene.

Pengepolitiske myndigheiter: Sentralbanken.

Generelle rekneskapsprinsipp

Dataspredningsavtala definerar prinsipp som skal liggje til grunn for rapporteringa. Krava er nemnd nedanfor, og Noregs Bank følgjer desse.

Verdsetjing: Valutaressursane skal verdsetjast til marknadsprisar, det vil seie den prisen dei ville fått i marknaden på referansedatoen (siste virkedag i månaden).

Dei framtidige straumane knytte til valutaressursane (forward, futures, swaps) skal verdsetjast til nominell/faktisk verdi, det vil seie verdien på det tidspunktet kapitalstraumen finn stad.

Opsjonar vert verdsette til det valutabeløpet som kan bli kjøpt eller seld ved innløysing av opsjonen.

Periodisering: IMF anbefaler at handleriktig dato blir nytta til periodisering av rekneskapen. Ved kjøp og sal av utanlandske verdipapir vil fordringar og gjeld vert presentert som fordring inntil oppgjeret vert sluttført.

Valuta: Den nye standarden gjev inga krav om at dataene skal rapporterast i NOK eller annan valuta. Det blir anbefalt at ein nyttar den valutaen som normalt vert nytta til å publisere internasjonale reservar.

Standard klassifikasjonar

Statistikken byggjer på IMFs "Data Template on International Reserves and Foreign Currency Liquidity" -Operational Guidelines, oktober 1999.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Berre på nasjonalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Månadleg:

Mellombelse tal, del I, vert publiserte 5. virkedag etter referansemånaden.

Endelege tal, del I - IV, vert publiserte den 21. (eller neste virkedag) etter referansemånaden.

Internasjonal rapportering

International Monetary Fund (IMF).

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Ikkje relevant

Bakgrunn

Føremål og historie

Noreg har slutta seg til dataspredningsstandarden SDDS (Special Data Dissemination Standard) i det internasjonale pengefondet (IMF). Denne standarden forpliktar sentralbankane i medlemslanda å publisere ein detaljert oversikt over internasjonale reservar og valutalikviditeten. Sentralbankane skal offentleggjere statistikk etter særskilde reglar med omsyn til omfang, spesifikasjonsgrad, frekvens og aktualitet.

Brukarar og bruksområde

IMF, Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og publikum.

Likebehandling av brukere

Ikkje relevant

Samanheng med annan statistikk

Samanheng med Noregs Bank sin balanse.

Lovheimel

Statistikklova § 2-2.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Del I inneheld internasjonale reservar og andre fordringar på utlandet basert på marknadsverdiar frå aktivasida av Noregs Bank sin balanse. Del II inneheld faktiske framtidige kortsiktige netto valutastraumar. Kontantstraumane vert presenterte til nominell verdi. Del III inneheld moglege framtidige kortsiktige netto valutastraumar. Del IV inneheld spesifikasjonar og relevant informasjon ikkje nemnde annan stad.

Dataene vert publiserte i NOK millionar til verkeleg eller nominell verdi. Petroleumsfondet inngår ikkje i talgrunnlaget. Noregs Bank selde store delar av gullet tidleg i 2004, og resten av gullet er ikkje definert som del av reservane.

Datakjelder og utval

Opplysningane er baserte på rekneskapsopplysningar frå Noregs Bank.

Datainnsamling, editering og beregninger

Elektronisk innrapportering av skjema i Excel.

Tala er å oppfatte som å vere endelege ved publisering. Ved revisjon, vert dei månadlege tala endelege når den månadlege balansen til Noregs Bank vert publisert, 10 norske arbeidsdagar etter referansemånaden. Den månadlege balansen vert publisert på Noreg Bank sine nettsider (http://www.norges-bank.no). Revisjonar av tidlegere periodar gjerast bare ved årsskiftet, men dei månadlege tale blir ståande uendra.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Utgåver av statistikken Internasjonale reservar og valutalikviditet publisert før 7. april 2017.

Tidsserier vert publiserte.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Det kan førekome feil og manglande samsvar i rekneskapsopplysningane. Dei manglande samsvara kan ha fleire kjelder, mellom anna feil ved overføring av data frå Noregs Banks rekneskap eller NBIM.

Varians: Ikkje relevant. Skeivheit: Ikkje relevant.

Det kan vere avvik mellom handleriktige og bokføringsriktige data.

Revisjon

Ikkje relevant

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB