84871_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
84871
Færre overnattingar i april
statistikk
2012-06-01T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardapril 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre overnattingar i april

Det var om lag 11 300 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i april 2012, ein nedgang på 5 prosent frå april 2011.

Overnattingar, etter formål og månad. 2012

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2012

Nordmenn sto for åtte av ti overnattingar på Svalbard i april 2012. Likevel var det 580 færre norske overnattingar, ein nedgang på 6 prosent samanlikna med same månad året før.

Talet på utanlandske overnattingar var omtrent uendra i april. Det var både oppgang og nedgang blant dei største utanlandske gruppene av gjester. Svenskane hadde størst oppgang med 140 fleire overnattingar, medan britane sto for størst nedgang med lag 160 færre overnattingar.

Yrkesovernattingar samt kurs- og konferanseovernattingar gjekk ned med om lag 600 og 130 overnattingar, samanlikna med april året før. Ferie- og fritidsovernattingar hadde derimot ein svak oppgang på om lag 170. Det svarar til ein oppgang på 3 prosent.

Kapasitetsutnytting av senger og rom var høvesvis 5,3 og 10,2 prosentpoeng lågare i april i år enn i april i fjor. Losjiomsetninga gjekk ned 5 prosent, frå 10,3 millionar til 9,8 millionar kroner.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. Merk skilnaden på ”overnattingar” og ”gjester”. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. Statistikken reknar overnattingar og ikkje gjester.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: