66111_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
66111
Overnattingsauke på Svalbard
statistikk
2012-02-09T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbarddesember 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Overnattingsauke på Svalbard

I 2011 var det om lag 85 000 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard. Det svarar til ein auke på 6 prosent frå året før.

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2011

Overnattingar, etter formål og månad. 2011

Overnattingsstadene på Svalbard hadde i 2011 5 700 fleire overnattingar enn året før. Det var nærare 9 000 fleire norske overnattingar, medan utanlandske overnattingar sokk med 3 000, samanlikna med 2010. Totalt stod nordmenn for 78 prosent av alle overnattingane på Svalbard i 2011.

Gjestar frå Sverige og Storbritannia stod kvar for seg for 16 prosent av dei utanlandske overnattingane, tett følgt av tyskarar og danskar som høvesvis stod for 13 og 9 prosent.

Når det gjeld overnattingar i samband med ferie og fritid, gjekk dei opp 6 prosent samanlikna med 2010. Det førte til at 55 prosent av overnattingane var relatert til ferie og fritid. Kurs- og konferanseovernattingar auka med 20 prosent, medan overnattingar i samband med yrke hadde ein nedgang på 4 prosent.

Gjestane nytta i 2011 i gjennomsnitt 31 prosent av sengene og 48 prosent av romma på Svalbard. Dette er høvesvis 0,8 og 3,4 prosentpoeng høgare enn i 2010.

Losjiomsetninga auka med 6 prosent, frå 54 millionar i 2010 til 57 millionar året etter. Gjennomsnittleg losjiomsetning per tilgjengeleg rom var i 2011 på 461 kr. Det svarar til ein oppgang på 2 prosent.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. Merk skilnaden på ”overnattingar” og ” gjestar”. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. Statistikken reknar overnattingar og ikkje gjestar.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: