54338_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
54338
God månad for hotella på Svalbard
statistikk
2011-07-01T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardmai 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

God månad for hotella på Svalbard

I mai i år var det nærare 8 800 overnattingar ved hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Det er over dobbelt så mykje som same periode året før.

Overnattingar, etter formål og månad. 2011

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2011

Det var hovudsaklig den norske marknaden som sto for den største auken, frå 3 000 overnattingar i mai 2010 til 7 400 i mai 2011. Utanlandske overnattingar auka med 9 prosent i same periode.

Oppsving for kurs-, konferanse- og yrkesovernattingar

Det vart registrert 2 804 kurs- og konferanseovernattingar på Svalbard i mai, dette er ein auke på 2 200 overnattingar samanlikna med mai 2010. Også yrkesovernattingane på Svalbard auka og det vart registrert 1 300 av denne type overnatting i mai 2011. Gjester som hadde ferie og fritid som formål gjekk opp med 34 prosent, frå 3 500 til 4 600 overnattingar. Tala samsvarer bra med overnattingsstatistikken for resten av fastlandet .

Oppgang i losjiomsetning

Gjennomsnittleg losjiomsetning per tigjengeleg rom gjekk opp frå 276 kr i mai 2010 til 491 kr i mai 2011. Den totale losjiomsetninga var på 5,7 millionar kroner, ein oppgang på 87 prosent frå same periode i fjor. I mai 2011 vart nærmare 35 prosent av sengene og 55 prosent av romma utnytta, omtrent dobbel så mykje som same periode i fjor.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ei peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Retta tabelloverskrifter

Overskriftene "Rom" og "Senger" var byttte om i i Tabell 1. Dette gjaldt alle publiseringane av Overnattingar på Svalbard i perioden januar til mai 2011. Tabellane har nå blitt retta 2. august 2011.

Tabeller: