14586_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
14586
1 800 overnattingar i november
statistikk
2011-01-11T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardnovember 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

1 800 overnattingar i november

Det var 1 800 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i november 2010. Utlendingar stod for 15 prosent av desse overnattingane. Ved utgangen av november 2010 hadde det vore nærare 75 000 overnattingar totalt gjennom året.

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2010

Det er stor månadleg variasjon i talet på gjestedøgn. Fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar varierer også mykje frå månad til månad. I juli sto utlendingar for om lag 45 prosent av overnattingane.

Kurs- og yrkesovernattingar dominerer

Om lag 57 prosent av overnattingane på Svalbard i november var kurs- og yrkesovernattingar. Delen kurs- og yrkesovernattingar varierer frå ein månad til den neste. Til dømes var om lag 70 prosent av overnattingane i september kurs- og yrkesovernattingar, medan berre 19 prosent av overnattingane hadde same formål i mai.

Nær ni av ti senger stod ledige

I november nytta gjestene 13 prosent av sengene og 27 prosent av romma. Det er stor månadleg variasjon i utnyttinga av senge- og romkapasitet.

Overnattingar, etter formål og månad. 2010

Losjiomsetninga per utleigd rom var på 880 kroner i november, det lågaste hittil i år. Losjiomsetninga per tilgjengeleg rom syner derimot store variasjonar frå månad til månad. I november var den på 235 kroner, mot 186 kroner i januar og 757 kroner i april.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom, med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: