14590_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
14590
6 100 overnattingar i september
statistikk
2010-11-02T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardseptember 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

6 100 overnattingar i september

I september 2010 var det 6 100 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard. Om lag 1 100 av desse overnattingane var det utlendingar som stod for. Hittil i år har det vore 69 000 overnattingar på Spitsbergen.

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2010

Overnattingar, etter formål og månad. 2010

Det er stor månadleg variasjon i talet på gjestedøgn. Fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar varierer også mykje frå månad til månad.

Færrast ferieovernattingar

Om lag 30 prosent av overnattingane i september var ferieovernattingar. Delen ferieovernattingar varierer frå ein månad til den neste - frå 30 prosent i september til 81 prosent i mai.

Nesten tre av fire senger stod ledige

Om lag 27 prosent av sengene og 43 prosent av romma vart nytta av gjestar i september. Det er stor månadleg variasjon i utnyttinga av senge- og romkapasitet. I januar månad var til dømes 11 prosent av sengene og 19 prosent av romma nytta av gjestar, medan dei tilsvarande tala i august var høvesvis 49 og 69 prosent.

Losjiomsetninga per utleigd rom var på 837 kroner i september og har vore ganske stabil hittil i år. Losjiomsetninga per tilgjengeleg rom, derimot, syner store variasjonar frå månad til månad.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: