14592_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
14592
11 200 overnattingar i august
statistikk
2010-10-20T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardaugust 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

11 200 overnattingar i august

I august 2010 var det 11 200 overnattingar ved dei kommersielle overnattingsstadene på Svalbard. Om lag 35 prosent av desse overnattingane var det utlendingar som stod for.

Overnattingar, etter formål og månad

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad

Hittil i år har det vore 63 000 overnattingar Det er stor månadleg variasjon når det gjeld talet på gjestedøgn. Korleis desse overnattingane fordeler seg mellom norske og utanlandske gjester, varierer også mykje frå månad til månad.

Flest ferieovernattingar i mai

Om lag 56 prosent av overnattingane i august var ferieovernattingar. Delen ferieovernattingar varierer frå ein månad til den neste - frå 52 prosent i januar til 81 prosent i mai.

Lågast belegg i januar

Det er stor månadleg variasjon i talet på overnattingar, medan senge- og romkapasiteten varierer lite. Dermed varierer det i kor stor grad kapasiteten blir utnytta. I januar månad var til dømes 11 prosent av sengene og 19 prosent av romma belagde med gjester. I august var tilsvarande tal høvesvis 49 og 69 prosent.

Losjiomsetninga per utleigd rom ligg på litt over 1 000 kroner og har vore ganske stabil hittil i år, medan losjiomsetninga per tilgjengeleg rom derimot syner store variasjonar frå månad til månad.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Ny statistikk

Statistisk sentralbyrå publiserer med dette ny overnattingsstatistikk for Svalbard. Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.

Tabeller: