171585_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/hyttegrend/maaned
171585
Auke i innanlandstrafikken
statistikk
2002-04-11T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
hyttegrend, HyttegrendReiseliv, Transport og reiseliv
false

Hyttegrendfebruar 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i innanlandstrafikken

Norske hyttegrender hadde 33 000 overnattingar i februar 2002. Dette er om lag det same som i tilsvarande periode i fjor. Utanlandstrafikken gjekk ned med 8 prosent, medan innanlandstrafikken auka med 16 prosent.

Trafikken frå dei største utanlandsmarknadene i februar 2002, Danmark og Tyskland, gjekk ned med høvesvis 12 og 38 prosent, medan trafikken frå Sverige auka med 12 prosent, samanlikna med februar i fjor.

 

Hittil i år

Så langt i år har det vore 59 000 overnattingar i hyttegrendene, ein auke i trafikken på 17 prosent. Innanlandstrafikken har auka, medan utanlandstrafikken har gått ned.

 

Auke i hytter/rom

Det var 117 opne hyttegrender i februar 2002, med ein kapasitet på 1 038 hytter/rom. Tilsvarande tal for februar 2001 var 119 hyttegrender med ein kapasitet på 1 016 hytter/rom.

 

Tabeller