15002_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/hurtigruta/kvartal
15002
Fortsatt mange reisende med Hurtigruta
statistikk
2003-09-02T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
hurtigruta, Hurtigruten Bergen-KirkenesSjøtransport, Transport og reiseliv
false

Hurtigruten Bergen-Kirkenes2. kvartal 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fortsatt mange reisende med Hurtigruta

172 237 passasjerar reiste med Hurtigruta i 2. kvartal i år, ein auke på 2,5 prosent samanlikna med 2. kvartal i fjor. Passasjerane fordelte seg jamt på nord- og sørgåande rute, om lag 86 000 kvar veg.

Hurtigruta Bergen-Kirkenes. 2. kvartal 2003. Talet på passasjerar per månad. 1999-2003

I april i år reiste 46 736 passasjerar med Hurtigruta, ein auke på 15 prosent eller 6 062 passasjerar samanlikna med april i fjor. Påska i år var i april.

Auken i talet på reisande i april i år fordelte seg med 3 222 og 2 840 passasjerar på høvesvis nord- og sørgåande rute. Talet på reisande i mai var om lag uendra. I juni var det ein nedgang på om lag 1 500 passasjerar.

I 1. halvår 2003 reiste 257 741 passasjerar med Hurtigruta. I same periode i fjor var talet 260 005 passasjerar. Dette svarar til ein nedgang på 2 264 passasjerar. Fordelinga på nord- og sørgåande var om lag lik.

Tabeller: