15018_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/hurtigruta/kvartal
15018
Passasjerauke for Hurtigruta
statistikk
2001-09-13T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
hurtigruta, Hurtigruten Bergen-KirkenesSjøtransport, Transport og reiseliv
false

Hurtigruten Bergen-Kirkenes2. kvartal 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Passasjerauke for Hurtigruta

138 933 passasjerar reiste med Hurtigruta 2. kvartal i år mot 132 604 i 2. kvartal i fjor. Dette svarar til ein auke på 4,8 prosent.

 Talet på passasjerar, etter månad. 1998-2001

Størst auke var det i talet på passasjerar på sørgåande rute med 8,7 prosent til 67 834 i 2. kvartal. Frå mai i fjor til mai i år auka talet på reisande sørover med 15,4 prosent. Talet på passasjerar på nordgåande rute auka med 1,3 prosent til 71 099.

Hittil i år har det reist 209 678 passasjerar, ein auke på 7,5 prosent samanlikna med første halvår i fjor. Det var ein auke på 4,7 og 10,7 prosent i talet på høvesvis reisande nordover og reisande sørover i dei to første kvartala i år.

Tabeller: