15022_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/hurtigruta/kvartal
15022
Færre passasjerar i 2000
statistikk
2001-02-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
hurtigruta, Hurtigruten Bergen-KirkenesSjøtransport, Transport og reiseliv
false

Hurtigruten Bergen-Kirkenes4. kvartal 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre passasjerar i 2000

I 2000 reiste 421 208 passasjerar med Hurtigruten, ein nedgang på 2,7 prosent frå 1999.

217 504 passasjerar reiste nordover med Hurtigruten i 2000, ein nedgang på 1,2 prosent frå 1999. 203 704 passasjerar reiste sørover. Dette var 4,2 prosent færre enn i 1999.

 Reisande nordover. Kvartal

 Reisande sørover. Kvartal

4. kvartal

I 4. kvartal i fjor reiste 76 633 passasjerar med Hurtigruten. Dette var 2,4 prosent fleire enn i 4. kvartal 1999. Det var ein auke i talet på passasjerar både på nordgåande og sørgåande rute. Nordover reiste 40 164 passasjerar, ein auke på 1,6 prosent frå 1999. Sørover reiste 36 469 passasjerar, ein auke på 3,4 prosent.

Det er spesielt oktober som har dei største endringane i talet på passasjerar. På nordgåande rute i oktober 2000 reiste det 4,9 prosent fleire passasjerar enn i oktober 1999. På sørgåande rute var det 7,7 prosent fleire passasjerar i denne månaden i 2000 samanlikna med 1999. I november auka talet på reisande nordover og sørover med respektive 1,8 og 1,7 prosent. Tilsvarande tal for desember var 1,8 og 0,7 prosent.

Tabeller: