132056_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/camping/maaned
132056
Fleire britiske og finske overnattingar
statistikk
2002-06-13T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
camping, CampingstatistikkReiseliv, Transport og reiseliv
false

Campingstatistikkapril 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Fleire britiske og finske overnattingar

Det var 192 000 overnattingar ved campingplassane i april 2002. Det er ein nedgang på 34 prosent frå april 2001. Innanlandstrafikken gjekk ned med 35 prosent, medan utanlandstrafikken gjekk ned 15 prosent. Men britar og finnar campar stadig meir i Noreg.

Sjølv om utanlandstrafikken samla sett gjekk ned i april, auka trafikken frå Storbritannia med heile 131 prosent. Talet på finske overnattingar auka med 50 prosent.

Ein stor del av nedgangen i april 2002 kan kome av at påsken i år var i mars, medan den var i april i fjor.

Hittil i år

har campingtrafikken auka med 6 prosent. Talet på norske overnattingar har auka med 8 prosent, medan utanlandske overnattingar samla sett har gått ned med 6 prosent. Sjølv om utanlandstrafikken til no har gått ned, har nokre utanlandsmarknader stor auke. Til dømes auka talet på nederlandske overnattingar med 205 prosent. Det har også vore ein auke i overnattingar av britiske, finske og svenske gjestar.

Færre plassar

I april 2002 var det 298 opne campingplassar mot 318 i april 2001. Talet på hytter/rom gjekk ned frå 5 305 i april i fjor til 5 141 i april i år.

Meir informasjon: lotte.strandjord@ssb.no, tlf. 62 88 50 69, eller arild.krogh@ssb.no, tlf. 62 88 54 23.

Tabeller