Drosjetakstane auka nesten tre gonger meir enn generell prisvekst

Publisert:

Sidan den svake veksten til konsumprisindeksen totalt heng saman med billegare importvarer, er ikkje denne indeksen ein ideell målestokk, men andre prisindeksar gjev meir relevante samanlikningar: I perioden 2004-2015 steig konsumprisindeksen for offentleg transport knapt 40 prosent. Konsumprisindeksen for passasjertransport på veg, som omfattar både drosjeturar og busstransport, voks knapt 50 prosent.

Varierande prisregulering frå fylke til fylke

Fylke som Nordland og Oppland er fullstendig underlagde maksimalprisregulering og er dermed typiske for distrikta. Sentralane i Oslo/Akershus avgjer derimot sjølv prisane. Men det er lite som tyder på at drosjesentralar set ned prisane for å trekkja til seg kundar frå konkurrentar.

Høgast prisar og sterkast prisstigning i område med konkurranse

Oppland og Nordland, som begge har maksimalprisregulering, har hatt svakare prisvekst enn Oslo/Akershus som ikkje har maksimalprisregulering. Omsetning delt på kilometer køyrt med passasjer viser gjennomsnittsprisen per kilometer. Utrekninga tek korkje omsyn til når på døgnet turen er utført eller omfanget av kontraktskøyring for det offentlege eller for andre oppdragsgjevarar. For landet i alt, det vil seia alle 19 fylka, var den nominelle prisauken per kilometer vel 50 prosent frå 2008 til 2015. I Oslo og Akershus har prisane stige med 63 prosent frå drygt 20 kroner til over 33 kroner.

Til samanlikning har prisane i Oppland berre auka frå knappe 17 kroner til vel 22 kroner i denne perioden. Dette utgjer ein prisvekst på 34 prosent, det vil seia halvparten av prisauken i Oslo/Akershus. 

Les meir om drosjenæringa

  • Kor stor del av drosjesjåførane er innvandrarar?
  • Kva for kommunar har ikkje prisregulerte taxiturar?
  • Kva er argumenta for å opna for meir konkurranse?

I det siste nummeret av Samfunnspeilet får du svar på mange spørsmål om drosjenæringa.

Kontakt