Valgaktuelt 2007

Satsinga på breiband verkar

Publisert:

Dei kvite flekkene på breibandskartet er i ferd med å forsvinne. Breibandsdekninga aukar i alle kommunetypar og mest i kommunar med lågast dekning i utgangspunktet. Abonnentane får òg stadig raskare breiband.

Regjeringa satsar betydelege summar på å nå målet om breiband til alle. Tala viser at målet kjem stadig nærare. Det har skjedd ei jamn utvikling frå 2003 til i dag: ei utvikling i retning stadig fleire abonnement på breiband, fleire hushald med breiband og mot stadig raskare breiband. Denne utviklinga har si årsak i både investeringar gjort av private føretak der fleire nye teknologiske løysingar er tatt i bruk og offentlege pengar til distrikta der marknaden aleine ikkje kunne sikre breiband til alle.

De kvite flekkene forsvinn

I 4. kvartal 2003 var breibandsdekninga, målt i tal på privatabonnement per 100 hushald, mellom 0 og 20 i 410 kommunar. I dei andre 24 kommunane var dekninga mellom 20 og 40 abonnement per 100 hushald. Tre år seinare var det berre fire kommunar som hadde under 20 prosent dekning. Til 4. kvartal 2006 var det blitt mest vanleg med dekningsgrader mellom 40 og 60 prosent. 263 kommunar hadde slik dekningsgrad, 45 kommunar hadde ei dekning på mellom 60 og 80 prosent, og 3 kommunar hadde over 80 prosent.

Denne utviklinga, der kommunane går samla mot stadig høgare tal private breibandsabonnement per 100 hushald, fortsette i 1. kvartal 2007. No er det berre Lierne og Kvænangen som har under 20 prosent dekning, medan talet i alle dei tre gruppene med høgste dekningsgrad aukar, mest for dei mellom 60 og 80 prosent. Fem kommunar – Modalen, Bykle, Træna, Time og Kristiansand – har ei dekning på over 80 prosent. Les mer i Internett-målinga pr. 1. kvartal 2007.

For alle kommunane auka den gjennomsnittlege dekningsgraden frå 17, 29, 44 og 56 til 59 private breibandsabonnement per 100 hushald for kvart år i perioden 2003 til 2007.

Figur: Talet på kommunar, etter delen private breibandsabonoment per 100 hushald

Høgast dekningsgrad i dei sentrale kommunane

I heile perioden 4. kvartal 2003-1. kvartal 2007 er det klare og om lag like store skilnader i breibandsdekninga etter kommunane sin sentralitetsgrad. Gjennomsnittleg dekningsgrad for dei sentrale kommunane var 21 prosent i 2003, mot 6 prosent i dei minst sentrale kommunane. Skilnadane i prosentpoeng mellom dei sentrale og dei minst sentrale kommunane var praktisk talt den same gjennom heile perioden fram til 1. kvartal 2007, frå 15 prosentpoeng i 2003, via 18, 19, 16 til 16 for åra 2004, 2005, 2006 og 2007.

Figur: Talet på private breibandsabonnement per 100 hushald, etter kommunane sin sentralitetsgrad
Figur: Del av hushald som har tilgang til breiband, etter kommunane sin sentralitetsgrad. Prosent

Høgast veksttakt i kommunane med lågast utgangspunkt

Rekna i høve til utgangspunktet innebar veksten for dei minst sentrale kommunane ei åttedobling av dekningsgraden frå 2003 til 2007, mot ei tredobling for dei sentrale kommunane. For alle kommunane gikk veksttakta i dekningsgraden per år ned frå 75 prosent frå 2003 til 2004, til 53 prosent i 2005 og til 26 prosent i 2006. Skilnadene i veksttakt etter kommunane sin sentralitetsgrad er blitt sterkt redusert i perioden. Både høgare veksttakt for dei minst sentrale kommunane og mindre skilnader i veksttakt for kvart år er resultat av at breibandsdekninga nærmar seg målet om breiband for alle i alle typar av kommunar.

Figur: Private breibandsabonnement, etter kommunane sin sentralitetsgrad. Prosentvis vekst

Jamn vekst for hushalda

Tala ovanfor er henta frå Internett-målinga, ein statistikk over private breibandsabonnement og tilsvarande for bedrifter. Statistikken IKT i hushalda gir tal for kor stor del av hushalda (og befolkninga) som har tilgang til Internett via breiband heime. Denne undersøkinga dekkjer ein periode som tilsvarar omtrent 1. kvartal kvart år.

Denne statistikken gir dei same hovudresultata som for Internett-målinga. Den viser at breibandsdekninga i hushalda auka jamt frå 2003 til 2006. Vidare finn vi for åra 2005 og 2006 igjen mønsteret med at dekningsgraden var høgast i dei sentrale kommunane. Samla dekningsgrad for hushalda var 22, 30, 41 og 57 prosent for kvart av åra frå 2003 til 2006. Dette gir noko høgare tal for denne undersøkinga enn for Internett-målinga for dei same periodane. Forskjellen var 6 og 9 prosentpoeng i høve til 1. kvartal i 2005 og 2006.

Figur: Del av hushald og personar med breibandsabonnement. Prosent

Stor vekst i tal på breibandsabonnement for bedriftene

Gjennom Internett-målinga blir det publisert tal på breibandsabonnement for bedrifter utan å setje tala i høve til for eksempel talet på bedrifter totalt. Slike samanlikningar ville vere mykje meir usikre enn private abonnement i høve til talet på hushald. Dermed blir det også umogeleg å samanlikne slike abonnement mellom ulike typar av kommunar.

Veksten i talet på bedriftsabonnement har vore stor i perioden, ei tredobling frå 41 000 i 4. kvartal 2003 til 125 000 i 4. kvartal 2006. Den årlege veksttakta har gått ned frå 81 prosent frå 2003 til 2004, til 33 prosent i 2005 og til 25 prosent i 2006, ei liknande utvikling som den for dei private abonnementa.

Figur: Talet på bedriftsabonnnement på breiband og prosentvis vekst frå førre året

Raskare breiband til alle

Breiband er her definert som tilgang til Internett med ein nedlastingshastigheit til brukaren på minimum 128 kbit/s. For å oppnå tilfredsstillande kvalitet på tenestene er det behov for vesentleg høgare overføringskapasitet. Nokon fast alternativ grense er ikkje mogeleg å setje fordi brukarar med ulike behov vil kunne oppleve same kapasitet svært ulikt.

Samstundes med at stadig fleire får tilgang til breiband, aukar også overføringskapasiteten på abonnementa kraftig. I 4. kvartal 2003 hadde 68 prosent av dei private abonnementa ein kapasitet på mellom 128 og 704 kbit/s. I 4. kvartal 2006 var denne delen redusert til 5 prosent. Delen av slike abonnement med 2 Mbit/s og over gikk i same periode frå 2 prosent til 61 prosent. 89 prosent av alle private breibandsabonnement i 4. kvartal 2006 hadde 1 Mbit/s og over.

Figur: Private breibandsabonnement, etter overføringskapasitet. Prosent

Tregare overgang til raskare breiband i bedriftsmarknaden

Bedriftene sine breibandsabonnement viser ei liknande utvikling, med ein kraftig reduksjon i delen abonnement med kapasitet mellom 128 og 704 kbit/s i perioden og ei tilsvarande kraftig auke i delen raskare breiband. Det er likevel klare skilnader i utviklinga innan dei to marknadane. Delen raskare breiband var langt høgare i bedriftsmarknaden enn i privatmarknaden i 2003, 19 mot 4 prosent med kapasitet mellom 1 og 2 Mbit/s og 8 mot 2 prosent over 2 Mbit/s. Disse skilnadene var så godt som borte i 4. kvartal 2005, mens situasjonen var omvendt i 4. kvartal 2006. Da var delen raskare breiband lågare i bedriftsmarknaden enn i privatmarknaden, 23 mot 28 prosent med kapasitet mellom 1 og 2 Mbit/s og 47 mot 61 prosent over 2 Mbit/s.

I 1. kvartal 2007 var delen av dei private abonnementa over 1 Mbit/s redusert til 87 prosent, og delen over 2 Mbit/s var redusert til 54 prosent. Det er for tidlig å avgjere om dette er ein ny tendens, for eksempel knytt til framveksten av andre teknologiske løysingar for Internett-tilkopling, eller eit enkelttilfelle. For bedriftene sine breibandsabonnement var det ingen slik ny utvikling til 1. kvartal 2007.

Figur: Bedriftene sine breibandsabonnement, etter overføringskapasitet. Prosent

Små skilnader i hastigheit mellom sentrale kommunar og andre

Dersom vi måler delen av dei samla breibandsabonnementa med overføringskapasitet på 2 Mbit/s og over, ser vi at skilnadene etter kommunetype er små og skiftande. Delen var høgast i dei sentrale kommunane både i 2003 og 2004, med 3 prosent mot 1 prosent i dei andre kommunane i 2003 og med 6 prosent mot 3-4 prosent i 2004. I 4. kvartal 2005 var delen like høg i dei mindre sentrale kommunane som i dei sentrale kommunane. I 4. kvartal 2006 var delen høgare både i dei mindre sentrale kommunane og i dei noko sentrale kommunane enn i dei sentrale kommunane.

Dette viser at utbygginga av breiband over heile landet også har sikra breiband av tilsvarande god kvalitet til alle, utan omsyn til lokalisering.

Figur: Delen breibandsabonnement over 2 Mbit/s, etter kommunane sin sentralitetsgrad

Kontakt